Kristian Lund () var ein norsk hærmann, ingeniør, seljar og politikar som representerte Oppland fylke og partiet Høgre på Stortinget 1981-85.
Lund var son til ein skipper og ein lærar. Sjølv gjekk han Hærens befalsskule for samband i 1951 og var sambandsoffiser i åra 1952-60, med unnatak for 1956-58 då han studerte til ingeniør i teleteknikk. Frå 1961 til 1981 var han elektronikklærar ved Hærens Tekniske Fagskole. Perioden 1985-95 arbeidde han for Norsk Informasjonsteknologi A/S, siste seks åra som salssjef. Han avslutta arbeidsdagen som salssjef 1995-99 i IBM Norge.
Lund engasjerte seg politisk for Høgre. Valperioden 1972-75 var han medlem i Lillehammer bystyre. Dei neste to valperiodane, 1976-79 og 1980-83, var han fylkestingsmedlem i Oppland. Før han vart vald inn på Stortinget i 1981 hadde han også plass i fylkesutvalet. Valperioden 1981-85 representerte han Oppland og Høgre på stortinget, der han var medlem i Sosialkomiteen. Lund var så nestleiar i riksrevisjonen i perioden 1986–94. Frå 1989 til -94 hadde Lund ulike posisjonar i Det regionale høgskulestyret for Oppland, leiar 1989-92.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Norske ingeniørar Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985