Oslo universitetssykehus, Aker (tidlegare Aker universitetssykehus) er den delen av Oslo universitetssykehus HF som ligg på sjukehusområdet på Aker. Det var eit sjølvstendig sjukehus frå 1895 til 2008, men utgjer ikkje lengre noka administrativ eining.
Soge Sjukehuset vart skipa 1. juli 1895 som Aker Sygehus og Pleiehjem, på Tonsen gard i bydel Bjerke. I 1948 vart sjukehuset knytt til seg Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo som universitetsklinikk. Gaustad sjukehus vart organisert under Aker sjukehus i 1996.
Den 1. januar 2002 vart sjukehuset omdanna frå ein etat i Oslo kommune til eit statleg helseforetak (HF), heleigd av Helse Øst RHF, og sjukehuset endra namn frå Aker sykehus til Aker universitetssykehus. Den 1. juni 2007 vart eigarskapet overførd til Helse Sør-Øst RHF. Den 1. januar 2009 vart sjukehuset ein del av Oslo universitetssykehus HF og er dermed ikkje lengre eit sjølvstendig foretak. Aker sykehus vert sidan brukt som ein fysisk-geografisk nemning på bygningsmassen og verksemda på sjukehusområdet på Aker.
Aker universitetssykehus var eit høgspesialisert storbysjukehus og foretaket hadde omfattande lokal- og sentral-sjukehusfunksjonar. Innanfor fleire område hadde sjukehuset òg landfunksjonane og kompetansesentera. Aker var tidlegare lokalsjukehus for Groruddalen, og dessutan Follo-kommunane Ski, Oppegård, Ås, Nesodden, Vestby og Frogn, funksjonar som i stor grad er flytta til Akershus universitetssykehus (Ahus) i Lørenskog.
mini|Markering mot nedlegginga av Aker Sykehus i Borggarden, Oslo rådhus i 2012.
Bygningar Tonsen gard vart kjøpt av Aker kommune frå John Sogns enke i 1887. Sogn hadde ått garden sidan 1854, men døydde i 1886. Då vart den selt til Aker kommune av hans enke. Aker kommune brukte garden som fattiggard frå 1887. Hovudbygget frå 1812 vart utvida og brukt som Aker pleiehjem for fattig sjuke.
Den første sjukehusbygningen stod ferdig i 1895 og Aker Sygehus og Pleiehjem vart etablert. I 1910 vart Sinsen gard òg kjøpt og innlemma i sjukehuset. Arkitekt Victor Nordan var aktiv i det kommande byggearbeidet. Det vart bygd paviljongar for tuberkulose, skarlagen og difteri.
Gardsdrifta var viktig for økonomien til sjukehuset. Gardsbygningane vart modernisert og nytt grisefjøs vart bygt. Sjukehuset var på denne tida nærast sjølvforsynt på mat. Nytt byggetrinn kom i perioden 1919–1925. Spanskesjuka medførde behov for ny epidemipaviljong. I 1924 vart det bygt eit kirurgibygg. Det vart òg etablert eiga sjukepleiarutdanning på Aker.
På 1930-talet vart det reist eit nytt administrasjonsbygg. Under andre verdskrig vart Aker teke over som sentralhospital, kalla Kriegslazarett Sinzen. Fleire bygg vart oppført av tyskarane. Blant bygningane var trehusa som sidan er vorte Løren asylmottak. Etter krigen vart det bygd sjukepleiarbustader og tomannsbustader for legene.
I 1958 vart den godt synlege rondellen bygd ved hovudinngangen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oslo universitetssykehus, Aker» frå , den 28. september 2018.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1865 Kategori:Sjukehus i Oslo