«Francine» er ein song av det amerikanske rockebandet ZZ Top frå albumet deira Rio Grande Mud, gjeve ut i 1971. «Francine» gav ZZ Top den første hitten deira med ein 69. plass på Billboard-lista. Det var den einaste singelen frå Rio Grande Mud. Dusty Hill spelte òg inn ein spansk versjon av songen, sjølv om det var Gibbons som oftast song songane deira. Det kom ut forskjellige, offisielle ZZ Top-utgjevingar av singelen og nokre av dei vart stava «Francene». Songen var i røynda skriven av Steve Perron og Kenny Cordray, men dei vart ikkje kreditert for dette på mange år.Deborah Frost (1985). ZZ Top - Bad And Worldwide. New York: Rolling Stone Press. .

Medverkande Frank Beard – trommer Billy Gibbons – gitar, solovokal Dusty Hill – bassgitar, korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Francine (song)» frå , den 30. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:London Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Billy Gibbons Kategori:ZZ Top-songar