Kvikksølv-ulukka i Kodaikanal fann stad i 2001 i den indiske byen Kodaikanal. Byen vart ramma av ei katastrofeaktig ulukke då ein av Hindustan Unilever sine termometerfabrikkar i området slapp ut giftig kvikksølv på grunn av uforsvarleg lagring.

Fabrikken Fabrikken vart opna i 1977 og produserte kvikksølvtermometer for eksport til USA og Europa. Avfallet vart dels dumpa i skogen bak fabrikken, dels selt til ein lokal skraphandlar. Miljøstuftelsen Bellona kritiserte Morselskapet, Unilever for at dei ikkje følgde med i avfallshandteringa til fabrikken. Ei gransking gjort av Det internasjonale atomenergibyrået kunne berre stadfesta at store område i og omkring Kodaikanal var forureina. Innsjøen, skogen, mose og lav.The Hindu, "Prevent mercury pollution” , (2007-8-23),Studies of mercury pollution in a lake due to a thermometer factory situated in a tourist resort : Kodaikkanal, India, Author(s): KARUNASAGAR D. (1) ; BALARAMA KRISHNA M. V. (1) ; ANJANEYULU Y. (2) ; ARUNACHALAM J. (1) ; Author(s) Affiliation(s) (1) National Center for Compositional Characterization of Materials (CCCM), Bhabha Atomic Research Centre, Department of Atomic Energy, ECIL Post, Hyderabad 500 062, INDE, (2) Jawaharlal Nehru Technological University, Kukkatpally, Hyderabad, INDE Studies of mercury pollution

Utsleppet Store område i og rundt Kodaikanal vart forureina. Ei gransking gjort av Det internasjonale atomenergibyrået stadfesta at Kodaikanalsjøen hadde vorte forureina av utslepp av kvikksølv frå ein av Hindustan Unilevers termometerfabrikkar i nabolaget på grunn av uforsvarlig lagring og deponering. I tillegg til prøver av vatnet i innsjøen vart det gjort prøver av mose, lav og skog i området rundt Berijamsjøen som ligg 20 km frå fabrikken. Prøvane viste for høge verdiar av kvikksølv. Prøvar tekne av fisk i Kodaikanal lake viste òg høge verdiar, noko som berre kunne stadfesta utslepp.

Greenpeace kritiserte morselskapet til fabrikken, Unilever, for at dei tillét praksisen med å dumpa avfallet.

Etterspel Termometerfabrikken forårsaka forurensening med kvikksølv gjennom uforsvarleg handtering av avfallet. Fabrikken vart stengd i 2001 etter 18 års drift. Hindustan brukte betydelege summar på «advokatmat» for å unngå å betala erstatning til tidlegare arbeidarar og familiane deira. Fleire av dei hadde døydd eller vortne invalidiserte som følgje av forgiftinga.

Arbeidarane slutta seg saman og danna ein 559 mannsterk organisasjon, Ex-Mercury Employees Welfare Association, i 2006. Dei saksøkte fabrikken ved høgsteretten i Madras. Organisasjonen ynskte erstatning og eit forslag til rehabilitering, legehandsaming, og eit program på rekning av selskapet for alle som hadde vore tilsett i fabrikken. Dei ønske òg den ansvarlege leiinga straffa. Hindustan Unilever på si side nekta for at skadane, eller at nokon av helseproblema skuldast kvikksølvforgiftning.

I juni 2007 gav ein ekspertkomite, oppnemnd av høgsteretten i Madras, ei utsegn om at kvikksølvutsleppet var årsak til helseplagene. I 2010 kjempa arbeidarane framleis for kompensasjon. I november 2011 kom det indiske arbeidsministeriet med ei orsaking der det følgde utsegna til høgsteretten frå 2007.

I mars 2016 blei Hindustan Unilever og 511 av dei tidlegare arbeidarane samde om ei avtale som gjekk ut på ei utbetaling av ukjend storleik mot at arbeidarane trekt tilbake søksmåla sine i Madras High Court og High Court of Justice i London.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kvikksølv-ulykken i Kodaikanal» frå , den 1. oktober 2018.

Kategori:Katastrofar i India Kategori:2001 i India Kategori:Hendingar i 2001 Kategori:Industriulukker Kategori:Kodaikanal