Recycler er det tiande studioalbumet til det amerikanske bluesrockbandet ZZ Top, gjeve ut i 1990.
Bandet hadde ei rolle i filmen Tilbake til fremtiden III i 1990 der dei spelte ein «old west»-versjon av «Doubleback» i lag med somme lokale musikarar. Den vanlege versjonen av songen vert spelt over rulleteksten. Musikkvideoen til «Doubleback» nytta òg klipp frå filmen. Det var tre hitsinglar frå albumet - «Doubleback» (førsteplassen på Album Rock Tracks i fem veker), «Concrete and Steel» (toppen av Album Rock Tracks i fire veker) og «My Head's In Mississippi» (toppen av Album Rock Tracks i seks veker).
Det vart òg laga musikkvideoar for «My Head's in Mississippi», «Burger Man» og «Give It Up».
I Storbritannia vart albumet det tredje for bandet som selde til sølvplate.
Albumet nådde sjetteplassen på Billboard 200, åttandeplassen på UK Albums Chart og 27. plassen på den australske albumlista.
Innhald
Medverkande Billy Gibbons – gitar, vokal Dusty Hill – bass, klaverinstrument, vokal Frank Beard – trommer, perkusjon
Produksjon Produsent – Bill Ham Lydteknikar – Terry Manning Plateomslag - Barry E. Jackson
Salslister Album ÅrListePlassering1990The Billboard 20061990UK81990Canada101990Australia27
Singlar – Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1990«Concrete and Steel»Mainstream Rock Tracks11990«Doubleback»Mainstream Rock Tracks11990«Burger Man»Mainstream Rock Tracks21990«My Head's in Mississippi»Mainstream Rock Tracks11991«Decision or Collision»Mainstream Rock Tracks141991«Give It Up»The Billboard Hot 10079
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Recycler (album)» frå , den 1. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:ZZ Top-album Kategori:Musikkalbum frå 1990 Kategori:Album produserte av Bill Ham Kategori:Warner Bros. Records-album