Ørkenen Sur viste til ein stad i Brooklyn der arbeids- og bustadlause skandinavar, sæleg nordmenn, og andre heldt til på 1920- og 1930-talet. «Ørkenen Sur» var ein lut av ei søppelfylling i Red Hook i Brooklyn der folk levde i skur bygd av det som var å finne av høveleg materiale, som tjørepapp, oljefat som kunne hamrast ut til plater og liknande. Det var for det meste sjømenn utan hyre som budde her på 1920-talet. Jon Michelet: En sjøens helt - skytteren, s. 221 og s. 191 Dei blei først råka av nedgangen i internasjonal skipsfart i 1921. Etterkvart sende den store depresjonen fleire folk ut i armoda, og fleire folk kom til. På det meste kunne opp til 500 bustadlause halda til på søppelfyllinga.
Det var bymisjonæren Karl Holm frå Gjesdal som sette namnet «Ørkenen Sur» på kolonien, med tilvising til israelittane si ørkenvandring i Bibelen. Holm gjorde ein stor innsats for utstøytte og fattige nordmenn som budde i Ørkenen Sur. I perioden 1926 til 1934 vitja han kolonien 307 gonger, og samla inn pengar til støtte for dei som budde der. Andre som engasjerte seg for å hjelpa slumbuarane var Andreas Nilssen Rygg, redaktør for Nordisk Tidende frå 1912 til 1929, og boksaren Peter «Pete» Olai Sandstøl frå Moi.
Nordmenn som budde i «Ørkenen Sur» fekk ikkje støtte frå amerikanske styresmakter, ettersom dei ikkje var amerikanske statsborgarar. Noreg nølte også med å gje dei hjelp, men etterkvart fekk ein del av dei hjelp til å venda heim.
I 1934 blei slumbyen riven. Alle som budde her måtte registrera seg og fekk eit tilskott på 21 dollar i månaden, slik at dei kunne skaffa seg ein betre stad å bu. På området er det i staden laga park og idrettsplass.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ørkenen Sur» frå , den 2. oktober 2018.
Referansar
Bakgrunnsstoff Ørkenen Sur. Den norske uteliggerkolonien i Brooklyn lokalhistorisk skildring av norske sjømenn i New York på 1920-tallet, av Thor Gotaas og Roger Kvarsvik, utgitt i 2010, ISBN 978-82-430-0493-1 På bunnen i Brooklyn. Bokomtale ved nrk.no Ørkenen Sur. Norsk dokumentar ved nrk.no
Kategori:Slummar Kategori:Brooklyn Kategori:Norsk-amerikansk historie