Francis Dominic Nicholas Michael Rossi () er ein engelsk songar, låtskrivar og musikar. Han er mest kjend for å ha vore med å skipe rockegruppa Status Quo, der han er songar og gitarist.
Rossi byrja musikkarrieren sin 13 år gammal, då han saman med skulevenene sine skipa eit freakbeat-band, The Scorpions, som sidan endra namn til The Spectres og Traffic Jam før dei slo seg til ro med Status Quo i lag med Highlights-gitaristen Rick Parfitt, som kom inn i bandet i 1967. I løpet av ein karriere på over seks tiår har bandet seld 118 millionar plater og gjeve ut over 30 studioalbum og opna Live Aid på Wembley i 1985.Biografi på Allmusic Same året gav Rossi ut den første solosingelen sin, «Modern Romance», og spelte inn eit album som aldri kom ut, kalla Flying Debris. I 1996 gav han omsider ut det førte soloalbumet sitt, eit countryaktig album kalla King of the Doghouse, som vart slakta av kritikarane og selde dårleg. Han mottok Order of the British Empire for tenestene sine til musikken i 2010, og gav ut det andre soloalbumet sitt, One Step at a Time, og la så ut på den første soloturneen sin. Eit år seinare vart konserten hans i St. Luke's Church i London gjeven ut på eit konsertalbum. Rosssi song òg på Graham Bonnet sitt Line Up, Mitchell/Coe Mysteries sitt Exiled og The All This and World War II med Beatles-songar.
Diskografi
King of the Doghouse (1996) One Step at a Time (2010)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Francis Rossi» frå , den 2. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad Status Quo si offisielle nettside
Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Musikarar frå Kent Kategori:Order of the British Empire Kategori:Folk frå Forest Hill i London Kategori:Status Quo-medlemmar Kategori:Sologitaristar Kategori:Engelske låtskrivarar