Martin Yngvar Gran () var ein norsk offiser i Luftforsvaret. For innsatsen sin under andre verdskrigen vart han tildelt Krigskrossen med sverd, den høgaste utmerkinga i Noreg.
Gran var fødd i Enebakk.
Krigsinnsats Etter det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940 deltok Gran i kampen mot okkupasjonsstyrkane.«Nekrologer. Martin Yngvar Gran», Aftenposten, 27. mai 2004, s. 20. Den 7. juni 1940 forlét han Tromsø ombord HMS «Devonshire», den britiske kryssaren som evakuerte kong Haakon og norske regjeringa til Storbritannia. Gran vart send til Canada der han frå 1940 til 1941 gjennomgjekk flyskole ved Little Norway utanfor Toronto. Han vart utdanna jagerflygar og flaug i løpet av krigsåra 345 operative tokt med Spitfire. Under den allierte invasjonen i Frankrike vart Gran sjef for 331 (N) Squadron.
Etter krigen Etter andre verdskrigen gjennomførte Gran i åra 1945 til 1946 RAF Staff College.Bjørn Steenstrup: Hvem er hvem? 1979, Oslo: Kunnskapsforlaget, 1979, s. 265-266. Frå 1947 til 1949 var han flygar i Braathens S.A.F.E før han vende attende til Forsvaret. I Luftforsvaret vart Gran sjef for 332. skvadron og 337. skvadron. Han vart oberstløytnant i 1953 og oberst i 1963. I 1963 var han ved Forsvarets høyskole, og same året var han sjef for Operasjonsstaben i Luftforsvaret. Dei siste åra av sin karriere i Forsvaret, frå 1968 til 1977, var han stasjonssjef ved Stasjonen i l Mågerø.
Frå 1964 til 1969 var Gran formann i Norsk Aero Klubb.Aftenposten, 11. september 1987, s. 14.
Utmerkingar I statsråd 9. mars 1945 vart major Martin Gran tildelt Krigskrossen med sverd «for fra 15/6-1944 til 31/1-1945 på en fremrakende måte å ha ledet 331 (N) Squadron under 134 operasjonsflygninger. I denne tid har avdelingen skutt ned 33 tyske fly samt ødelagt store mengder materiell på bakken. Majorens personlige score er 9 nedskutte fly.»Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren, s. 139–140.
Gran vart òg tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein, Krigsmedaljen og Deltakarmedaljen med rosett og Haakon VIIs 70 års medalje. Han vart tildelt den franske Croix de Guerre med palme og mottok dei britiske utmerkingane Distinguished Flying Cross med to barrar, 1939–1945 Star og Air Crew Europe Star med barre.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Martin Gran» frå , den 3. oktober 2018.
Kategori:Deltakarmedaljen Kategori:Haakon VIIs 70-årsmedalje Kategori:Norske flygarar frå andre verdskrigen Kategori:St. Olavsmedaljen med eikegrein