Delfzijl er ein by nordaust i Nederland, i provinsen Groningen. Byen ligg på vestre breidde av utløpet til elva Ems, ved grensa til Tyskland. Hamna i Delfzijl er den viktigaste i Nord-Nederland. Delfzijl var ein eigen kommune fram til 1. januar 2021, då han blei del av den nye kommunen Eemsdelta. Ved byrjinga av 2023 hadde han 15 240 innbyggjarar.
thumb|Frå regattaen som blir halden i Delfzijl kvart femte år.
Namn Namnet «Delfzijl» tyder 'Delf-sluse'.Ronald Stenvert, Chris Kolman, Ben Olde Meierink, Sabine Broekhoven & Redmer Alma, «Delfzijl», Monumenten in Nederland: Groningen, 1998. Vitja 27. mars 2015. Delf var ein kanal som knytte saman elvene Fivel og Ems, og er no del av Damsterdiep.Ronald Stenvert, Chris Kolman, Ben Olde Meierink, Sabine Broekhoven & Redmer Alma, «Appingedam», Monumenten in Nederland: Groningen, 1998. Vitja 27. mars 2015.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Delfzijl» frå , og «Delfzijl» frå den 10. november 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hamnebyar i Nederland Kategori:Hamnebyar ved Nordsjøen Kategori:Nedleggingar i 2020 Kategori:Tidlegare kommunar i Nederland Kategori:Byar i Groningen