Etterstadkroken er ei gate på Etterstad i Oslo. Gata forbind Etterstadsletta med Brynseng stasjon på T-banen. Namnet vart vedteke i 1968. I nr. 5-7 ligg åtte bustadsblokker med til saman 360 leilegheiter, bygd i 2001/2002. I nr. 9 stod dei prisløna produksjonslokala til Norsk Elektrisk Kabelfabrik A/S (Sundts premie 1953-55), teikna av arkitekten Guttorm Bruskeland. Bygget hadde eit bølgjeforma tak over ein søylefri produksjonshall, og i Oslo bys historie (bind 5) er han brukt som døme på Gaffeltruckens landskap. Den gamle kabelfabrikken vart riven i 2006 for å gje plass til eit til nytt nærings- og bustadsområde. Byggeplanen vart ikkje gjennomført. Ein ny barneskule, Brynseng skule, vart bygd i staden. Skulen stod ferdig i 2017.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Etterstadkroken (Oslo)» frå , den 9. oktober 2018.

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Blokkene i Etterstadkroken

Kategori:Vegar i Oslo