Whatever You Want er det 12. studioalbumet til den britiske rockegruppa Status Quo.

Dette var det tredje albumet deira som vart produsert av Pip Williams. Innspelinga byrja i desember 1978 i Wisseloord Studios i Hilversum i Nederland, og dei siste miksane var ferdige i London i mars 1979. Albumet kom ut 12. oktober 1979 og gjekk inn på albumlista i heimlandet 20. oktober 1979, der det nådde fjerdeplassen. Den første singelen frå albumet — «Whatever You Want» — kom ut 14. september med «Hard Ride» som B-sida. Denne nådde òg fjerdeplassen på lista. Den andre singelen frå albumet var «Living on an Island» med B-sida «Runaway». Denne kom ut 16. november 1979 og nådde 16. plassen på singellista.

Albumet vart miksa for den amerikanske marknaden og denne versjonen kom ut i USa med tittelen Now Hear This i 1980. Denne utgåva kom ut på CD på luksusutgåva av albumet. Men denne utgåva kom utan dei to songane «Shady Lady» og «Your Smiling Face». Desse finst derfor berre på den originale vinyl/kassett/8-sporslydband-utgåva. Songane «Whatever You Want» og «Living On an Island» byta òg plass på den amerikanske utgåva.

Innhald

Medverkande Francis Rossi — gitar, vokal Rick Parfitt — gitar, vokal Alan Lancaster — bass, vokal John Coghlan — trommer

Andre medverkande Andy Bown — klaverinstrument

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Whatever You Want (album)» frå , den 9. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Status Quo-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Vertigo Records-album