Peter Derek Kircher ()End Of The Road tourbook, 1984, interview on page 22 er ein engelsk trommeslagar. Frå 1982 til 1985 spelte han i rockebandet Status Quo. I denne perioden spelte han mellom anna på Live Aid og National Bowl, og møtte prinsen av Wales ved ein veldedigheitskonsert for The Prince's Trust i Birmingham NEC, som sidan kom ut i 1982 på albumet Live at the N.E.C..

I 1960-åra spelte han med The Burnettes i lag med Neil Landon som songar og Noel Redding på gitar. Redding spelte sidan bass med Jimi Hendrix. I slutten av tiåret spelte han i bandet Honeybus. I 1970-åra og tidleg i 1980-åra spelte han i bandet Shanghai i lag med Mick Green frå Johnny Kidd and the Pirates, så Liverpool Express, Original Mirrors og til slutt Nolan Sisters før han byrja å spele med Status Quo då John Coghlan slutta der. Etter han slutta i Status Quo i 1985 har han halde ein låg profil og arbeidd noko som låtskrivar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pete Kircher» frå , den 10. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Status Quo-medlemmar Kategori:Engelske rocketrommeslagarar Kategori:Folk frå Folkestone Kategori:Musikarar frå Kent