Luther College er ein privat høgskule (college) i Decorah i Iowa. Han vart skipa i 1861 som den første slike institusjonen starta av norskamerikanarar. Skulen har i dag rundt 1 400 studentar frå alle dei amerikanske statane og førti land, og knapt to hundre tilsette. Han tilbyr rundt femti ulike gradar innan dei frie kunstane.
Luther College Concert Band, skipa i 1878, har turnert i fleire land og var lenge leidd av den norsk-amerikanske musikkprofessoren Carlo Alberto Sperati. Bandet har òg vitja Noreg, sist i 2013.
mini|venstre|Den store klokka ved Luther College.
Blant tidlegare studentar ved høgskulen finn ein Dagfinn Høybråten som også er æresdoktor ved skulen. Blant æresdoktorane finn ein også diplomatane Wilhelm Morgenstierne, Edvard Hambro og Tom Vraalsen.
Luther College arrangerer kvart år eit sommarkurs for lærarar og lektorar frå dei skandinaviske landa. Ordninga vart i si tid etablert av Ragnhild Galtung, generalsekretær i Noreg-Amerika Foreningen. Denne deler kvart år ut ulike stipend til lærarar i vidaregåande skule for å delta på kurs ved Luther College,
Luther College arrangerer kvar sumar eit fire vekers seminar for skulefolk frå Noreg. Desse går i regi av Norge-Amerika Foreningen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Luther College» frå , den 13. oktober 2018.
Bakgrunnsstoff
Litteratur Gisle Bothne: Det Norske Luther College 1861-1897. Decorah, Iowa, 1897
Kategori:Norsk-amerikansk kultur Kategori:Skipingar i 1861 Kategori:Utdanning i Iowa Kategori:Decorah Kategori:Universitet i USA