Overernæring er ei form for feilernæring der ein får i seg meir næring enn ein treng, det vil seia fleire næringsstoff enn kroppen kan bruka til vanleg vekst, utvikling og stoffskifte.

Overernæring over lang tid kan føra til fedme og auka risiko for ein del sjukdommar, som hjarteinfarkt.

Om ein tilfører for mykje av særskilde næringsstoff, som vitaminar eller mineral, kan ein få problem som hypervitaminose eller jernforgifting.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Overnutrition» frå , den 30. juni 2019.

Kategori:Ernæring