Sekkepipe er musikkinstrument sett saman av eit blåserøyr, ei eller fleire piper og ein sekk brukt til å senda luft gjennom dei. Instrumenta finst i fleire utformingar, og er kjende frå Europa, Nord-Afrika, Midt-Austen, Sentral-Asia og India. Sekkepipemusikk blir ofte framført utandørs, og er ofte folkemusikk. Sekkepiper blir mellom anna brukt i keltisk musikk, og i dag er særleg skotsk sekkepipe kjend over heile verda.

mini|Polsk sekkepipespelar.

Skildring Sekk Ei sekkepipe er sett saman av ein lufttett sekk som sikrar ubroten, kontrollert utførsle av luft gjennom lydpipa eller pipene. Denne er som regel laga av dyrehud frå til dømes sau, geit, hund eller storfe. I nyare tid har ein også nytta syntetiske stoff som gore-tex til å laga sekkar av. Sekken kan ha sin opphavlege lêrfarge eller, i nokre høve, pels. Elles kan han pyntast med tekstilar eller påmåla mønster.

Sekken har minst to hòl til å sleppa luft inn og ut gjennom. Der ein bruker størsteparten av skinnet kan ein nytta dei naturlege hòla frå hovud og lemmer til å festa piper i. Elles kan ein skjera eigne hòl til dei.

mini|Enkel tysk sekkepipe med ei melodipipe og ein bordun. Lufttilførsel Dei fleste sekkepiper får tilført luft ved at ein bles henne inn i dei gjennom eit eige røyr. Nokre av dei har ein bakkventil som gjer at luft ikkje strøymer ut att, men andre må dekkast med tunga når ein dreg pusten. Nokre instrument får luft gjennom ein belg som ein held under armen. Desse kan ha meir fintfølande røyrblad som lufta ein speler med går ut gjennom, ettersom lufta ikkje blir fukta eller varma opp av pusten til spelaren.

Luftutgang Ei sekkepipe vil ha ei eller to melodipiper med lydhòl som gjer at ein kan få fram ulike tonar. Ho kan vera bora på to måtar: Skrånande, slik at ho får ei konisk form, eller rett, som ein sylinder.

Melodipipa kan ha eitt røyrblad (som ein klarinett) eller to (som ein obo). Det siste gjev henne ein skarpare klang.

Som regel kan ein ikkje enkelt stoppa lyden som kjem ut gjennom pipa, og sekkepipemusikk er ofte legato, utan pause mellom notane. For å bryta opp notane kan ein bruka korte føreslag. Nokre sekkepiper har ende som kan lukkast, i nokre høve mot beinet til den som speler.

I tillegg til melodipipe kan instrumenta ha ei eller fleire bordunpiper som berre gjev éin tone om gongen. Bordunpipa kan få ulike stemmar gjennom at ein gjer henne kortare eller lengre ved hjelp av eit skuvbart ledd, eller ho kan ha ei stemmeskrue som opnar eller stenger eit hòl. Ei slik skrue kan også brukast til å stenga av bordunen heilt.

Utvikling mini|Sekkepipespelarar frå galisiske Cantigas de Santa Maria frå 1200-talet.

Sekkepipa kan ha oppstått i India eller Midt-Austen alt på 1000-talet f.Kr. Ein musiserande figur i Alexandria frå rundt 300 til 100-talet f.Kr. ser ut til å spela ei sekkepipe. Det finst også uklare referansar til slike instrument frå gresk antikk. Den eldste utvitydige omtalen av sekkepiper kjem frå Romarriket. Ifølgje Suetonius spelte keisar Nero, som levde i første hundreåret e.Kr., sekkepipe eller tibia utricularis på sine eldre dagar.

I løpet av mellomalderen blei sekkepiper utbreidde i Europa. I Cantigas de Santa Maria frå Castilla på midten av 1200-talet er det vist fleire typar sekkepiper. Frå 1300-talet er dei kjende i Storbritannia, med ei tilvising i Canterbury Tales. I europeisk renessansekunst kan ein sjå ei rekkje på sekkepiper med ulik utforming avbilda.

Dei eldste døma på instrument med bardunpiper er frå 1300-talet, som i Luttrel Psalter frå rundt 1325-35. På 1500- eller 1600-talet kom det sekkepipetypar med blåsebelg i staden for at ein bles med munnen.

Sist på 1900-talet blei det også utvikla elektroniske sekkepiper.

Bruk mini|Clan Urquhart Highlanders Pipes and Drums. Sekkepiper er gode utandørsinstrument. Under mellomalderen var ho knytt til underhaldning i samband med gjeting, dans, marknader, opptog og liknande. Medan sekkepipa i stor grad var eit folkeinstrument, blei ho også brukt av storfolk. Den engelske kongen hadde ein hoffsekkepipespelar frå 1330-talet til midten av 1500-talet. Den franske sekkepipa musette de cour fekk namn etter hoffet fordi ho blei populær blant franske adelege på 1600-talet. Høvdingar av skotske klanar støtta også opp om instrumenta, og la grunnlaget for den sterke skotske sekkepipetradisjonen, der særskilde familiar vidareutvikla spelet og instrumenta.

I lag med utviklinga av nye musikkformer og instrument blei sekkepiper, med nokså avgrensa register og funksjon, gradvis fortrengde. Som militærinstrument hadde dei likevel ei blomstringstid innan Det britiske imperiet. Skotske høglandsregiment spreidde skotsk sekkepipe til store område, og land knytte til Det britiske samveldet tok henne i bruk i såkalla pipe bands, sekkepipekorps. Ny interesse for folkemusikk og -dans frå slutten av 1900-talet har også gjort at ein har teke i bruk eller rekonstruert sekkepiper og musikk for dei andre stader.

I Skottland og fleire andre stader er sekkepipa brukt mykje i gravferder, bryllaup og andre høve.

Sekkepipetyper

Bilete Namn Område Røyrblad Melodipipe Lufttilførsel Bechonnét Frankrike To røyrblad Konisk bora Blåsen 150px|Biniou Biniou kozh Frankrike (Bretagne) To røyrblad Konisk bora Blåsen 150px|Bock Bock Sentral-Europa, særleg Bøhmen og Saxen på 1900-talet Enkelt røyrblad Sylindrisk bora Blåsen eller belgblåsen Ceské Dudy Tsjekkia Enkelt røyrblad Sylindrisk bora Blåsen Chiaramedda Italia Enkelt røyrblad Konisk bora Blåsen 150px|Cabrette Chevrette, chabrette, cabrette Frankrike To røyrblad Konisk bora Blåsen 150px|Cimpoi Cimpoi Romania Cornemuse du Borbonnais Frankrike To røyrblad Konisk bora Blåsen Dalslandspipa Sverige (nyutvikla) To røyrblad Konisk bora Blåsen Diple Kroatia Enkelt røyrblad Sylindrisk bora Blåsen 150px|Makedonsk gajda Gaida, gajda, gajdy Hellas, Makedonia, Bulgaria, Serbia Enkelt røyrblad Sylindrisk bora Blåsen 150px|Gaita asturiana Gaita asturiana, asturiansk sekkepipe Asturia i Spania Konisk bora Dobbelrøyrblad Blåsen 150px|Gaita galega Gaita galego, galisisk sekkepipe Galisia i Spania Konisk bora Dobbelrøyrblad Blåsen 150px|Huemmelchen Huemmelchen Tyskland Sylindrisk bora Dobbelrøyrblad Blåsen 150px|Magyar duda Magyar duda, tömlősíp, bőrduda (kroatisk eller ungarsk sekkepipe) Ungarn Enkelt røyrblad Sylindrisk bora Blåsen 150px|Marktsackpfeife Marktsackpfeife (nylaga) Tyskland, Austerrike Eitt til tre røyrblad Konisk bora Blåsebelg 150px|Musette de cour Musette de cour Frankrike Sylindrisk bora Dobbelrøyrblad Blåsebelg 150px|Mezoued Mezoued, zukra Tunisia Enkelt røyrblad Sylindrisk bora Blåsen 150px|Northumbrian smallpipes Lita Northumberland-pipe, Northumbrian smallpipe England Sylindrisk bora To røyrblad Blåsebelg Slaski gajdy Polen Enkelt røyrblad Sylindrisk bora Blåsen Surdulina, zampogna Italia Enkelt røyrblad Sylindrisk bora Blåsen Surle Kroatia Enkelt røyrblad Sylindrisk bora Blåsen Irsk sekkepipe (uilleann pipes, union pipes) Irland Dobbelt røyrblad Konisk bora Blåsebelg Kaba gaida Bulgaria Enkelt røyrblad Konisk bora Blåsen 150px|Laz tulum Tulum Tyrkia Enkelt røyrblad Sylindrisk bora Blåsen Volinka Russland Enkelt røyrblad Sylindrisk bora Blåsen 150px|Skotsk høglandssekkepipe Stor skotsk sekkepipe, Great Highland Bagpipe Skottland To røyrblad Konisk bora Blåsen 150px|Gammaldags svensk säckpipa, bygd av Leif Eriksson Svensk säckpipa Sverige Enkelt røyrblad Sylindrisk bora Blåsen 150px Schaperpfeiff, Schäferpfeife Tyskland To røyrblad Konisk bora Blåsen Skotsk låglandssekkepipe, Scottish Lowland Pipe Skottland To røyrblad Konisk bora Blåsen 150px|Lita skotsk sekkepipe Lita skotsk sekkepipe, Scottish smallpipes Skottland To røyrblad Sylindrisk bora Belgblåsen (finst også munnblåsen)

Kjelder

Kategori:Treblåseinstrument