Any Day Now er eit dobbeltalbum av Joan Baez frå 1968 med utelukkande songar av Bob Dylan. Det nådde 30. plassen på Billboard Pop Albums-lista i USA.

Historie Seks av songane på albumet var ikkje gjevne ut på offisielle Dylan-plater før. Den eine songen, «Love is Just a Four-Letter Word», har visstnok aldri blitt spelt inn av Dylan sjølv. Albumet vart produsert under ei einaste lang innspeling i Nashville i september 1968, og gav nok materiale til to album: Any Day Now og David's Album i 1969. Baez reiste attende til Nashville for å spele inn musikk fleire gonger dei neste åra.

Baez la notane til Bob Dylan på golvet føre seg, lukka augo og valde songane i tilfeldig rekkefølgje, slik dei enda opp på albumet.

Joan Baez laga illustrasjonar til kvar av songane, som vart trykte på omslaget.

I 1969 hadde albumet seld til gullplate.

Vanguard gav på 2000-talet ut albumet på ny med to bonusspor: «Blowin' in the Wind» og «It Ain't Me Babe», begge konsertopptak frå den japanske turneen hennar i 1967.

Mottaking

I meldinga si for Allmusic skreiv Thom Jurek om albumet: «Empatien hennar for materialet, den skarpe forståinga hennar av lydverda til Dylan, og hennar eigen praktfulle røyst bringer ein ny dimensjon til desse seksten songane, og nærast utvidar meininga deira. Det finst ingen betre tolkar av musikken til Dylan, og sjølv om ein finn bevis for det på tidlegare album (som Joan frå 1967), vert dette stadfesta her. Til sjuande og sist er Any Day Now, som Joan og David's Album, Baez å sitt mest intenst inspirerande og kreative.»

Innhald

Medverkande Joan Baez – vokal, gitar Fred Carter – mandolin Pete Drake – pedalsteelgitar Johnny Gimble – fele Roy Huskey jr. – bass Tommy Jackson – fele Jerry Kennedy – gitar Jerry Reed – gitar Harold Bradley – gitar, dobro Hargus «Pig» Robbins – piano Stephen Stills – gitar Harold Rugg – gitar, dobro Grady Martin – gitar Buddy Spicher – fele Norbert Putnam – bass Kenny Buttrey – trommer

Salslister ÅrListePlassering1969Billboard Pop Albums30

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Any Day Now (Joan Baez album)» frå , den 16. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Hyllestalbum for Bob Dylan Kategori:Album produserte av Maynard Solomon Kategori:Vanguard Records-album