Gary Andrew Pallister () er ein engelsk tidlegare fotballspelar fødd i Ramsgate. Han var med om å vinne fire ligameisterskap, tre FA-cuppokalar og cupvinnarcupen 1991, samt ligacupen 1992 med Manchester United. Midtstopparen spelte elles på Middlesbrough FC.
Karriere Klubbspel Pallister spelte for Middlesbrough FC frå 1985. I august 1989 vart han overført til Manchester United mot rekordsummen 2,3 millionar pund. Dei neste åra var han fast midtstoppar på United, i spann med Steve Bruce. Frå sigeren i FA-cupen 1990 til ligatriumfen 1997 sanka Pallister ni meisterskapspokalar. Sommaren 1998 gjekk turen tilbake til Middlesbrough, der han var aktiv til 2001.
Landslagsspel Pallister spelte 22 landskampar for England i åra 1988, 1991 og 1993-96, utan å delta i noko stort meisterskap. Han var med då Noreg i 1993 slo England 2-0 i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevaal stadion i Oslo. Pallister skåra aldri på landslaget.
Merittar Vinnar av cupvinnarcupen: 1991 med Manchester United Engelsk ligameister: 1993, 1994, 1996, 1997 med Manchester United Vinnar av FA-cupen: 1990, 1994 og 1996 med Manchester United Finalist i FA-cupen: 1995 og 1998 med Manchester United Finalist i den engelske ligacupen: 1991 og 1994 med Manchester United
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gary Pallister» frå , den 17. oktober 2018.
eu-football
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Middlesbrough-spelarar Kategori:Folk frå Ramsgate