Pamela Kilborn, fødd Ryan, () er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Melbourne som vann bronsemedaljen i 80 meter hekk under Sommar-OL 1964 og og sølvmedaljen i same øvinga ved sommarleikane 1968, i dei sistnemnde leikane sette ho personleg rekord med 11,50 sekundar.

Aktiv Kilborn vann både 80 meter hekk og lengdehopp ved dei dei britiske samveldeleikane i Perth i desember 1962. Under Sommar-OL 1964 i Tokyo vart ho bronsemedaljør på 80 meter hekk, med same tid som vinnaren Karin Balzer frå Aust-Tyskland og Teresa Ciepły frå Polen på sølvplass.

Under dei britiske samveldeleikane 1966 i Kingston på Jamaica forsvarte Kilborn meistertittelen på 80 meter hekk, i tillegg sprang ho ein etappe for det australske vinnarlaget i 4 x 100 meter stafett. I Sommar-OL 1968 i Mexico-byen vann ho sølvmedaljen på 80 meter hekk, landskvinna Maureen Caird tok gullmedaljen.

Samveldeleikane 1970 i Edinburgh sigra Kilborn på 100 meter hekk, framom Maureen Caird. Som fire år tidlegare var Kilborn del av Australia sitt vinnarlag i 4 x 100 meter stafett. 28. juni 1972 sette ho verdsrekord med 12,5 sekund i Warszawa. Denne rekorden sletta Annelie Ehrhardt frå Aust-Tyskland midt i august. I byrjinga av september møttest dei begge i OL-finalen på 100 meter hekk under sommarleikane i München. Kilborn kom på fjerdeplass, etter å ha presterte livsbeste 12,93 sekund i semifinalen, medan Ehrhardt sette verdsrekord i finalen med 12,59 og vart olympisk meister.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pam Kilborn» frå , den 18. oktober 2018.

World Athletics

Kategori:Australske hekkeløparar Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Australske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Folk frå Melbourne Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Australia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Australia