mini|Romansk portal ved St. Petri kyrkje i Soest i Westfalen. Ein portal (frå mellomalderlatin portale, 'byport, forhall', av latin porta, 'dør, port') «portal (n.)», Online Etymology Dictionary er ein forseggjort eller framståande og rikt utsmykka inngang til ein monumental bygning som ei kyrkje, tempel, rådhus eller slott.Brodyby-Johansen, R. (1977): Kunstordbog, Thaning og Appel, s. 167Ching, Francis (1997): A Visual Dictionary of Architecture. New York: Van Nostrand Reinhold. ISBN 0-442-02462-2. Han kan også vera ein frittståande æresport.
Portalar kan ha dører, portar eller fallgitter i opninga for å kontrollera tilkome eller utgang. Overflata rundt opninga kan vera enkelt utforma eller dekorert med utsmykning. Særleg i renessansen og barokken kunne slike portalar vera rikt utsmykka. Nemninga i seg sjølv indikerer eit byggverk som ber noko over seg, til dømes ein arkivolt og/eller eit tak. Portalar er ofte, men ikkje alltid, utforma med dekor, til dømes skulpturelle innslag. Spesielt var dette vanleg i romansk arkitektur, gotikk og i stavkyrkjer. Moderne portalar kan ha til dømes ha postmodernisme dekor.
Døme på opne portalar (portalar utan dører) i arkitekturen er portalar inn mot gamle opne stadionanlegg og liknande byggverk. Døme på lukka portalar er portalar i kyrkjebygg, kjøpesenter og anna.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på Portal frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 5. januar 2018
Kategori:Bygningsdetaljar Kategori:Kyrkjearkitektur Kategori:Latinske ord og uttrykk