Honest Lullaby er eit studioalbum frå 1979 av Joan Baez. Det var det siste albumet hennar for CBS Records-etiketten Portrait og det siste nye studioalbumet hennar i USA før 1987. Det sjølvbiografiske tittesporet vart skriven for sonen Gabriel Harris, og framført på The Muppet Show i 1980. I tillegg til sine eigne songar inneheld albumet songar av Janis Ian og Jackson Browne. «Let Your Love Flow» var opphavleg ein hit i 1976 for The Bellamy Brothers. I sjølvbiografien sin frå 1987, And a Voice to Sing With, spekulerte Baez i at ho truleg vart droppa frå CBS på grunn av ei politisk usemje med den dåverande direktøren i selskapet.
Baez dediserte albumet til journalisten John L. Wasserman. Wasserman døydde i februar det året og hadde skrive notata i omslaget til samleplata The Best of Joan C. Baez i 1977.
Biletet på plateomslaget vart teken av den kjende fotografen Yousuf Karsh.
Innhald
Medverkande Joan Baez - solovokal, akustisk gitar (5-8) Larry Byrom - akustisk gitar (1,3,7) Pete Carr - akustisk gitar (2,4,5,7), elektrisk gitar (3) Jimmy Johnson - elektrisk gitar (1-3, 4) Barry Beckett - klaverinstrument (1-3, 5-7,9,10) David Hood - bassgitar (1-7) Roger Hawkins - trommer (1-3, 5-6) Hill Abrahams - fiolin (4) Janes Crozier - cello (4) Charlie McCoy - munnspel (4) Ava Aldridge - korvokal George Jackson - korvokal Lenny LeBlanc - korvokal Mac McAnally - korvokal Cindy Richardson - korvokal George Soulé - korvokal Eddie Struzick - korvokal Marie Tomlinson - korvokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Honest Lullaby» frå , den 24. oktober 2018. oppgav desse kjeldene: Baez, Joan. 1987. And a Voice to Sing With: A Memoir. Century Hutchinson, London.
Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Album produserte av Barry Beckett Kategori:Portrait Records-album