The Smashing Pumpkins er ei amerikansk rockegruppe frå Chicago i Illinois. Ho blei danna i 1988 av Billy Corgan (vokal, gitar) og James Iha (gitar), medan D'arcy Wretzky (bass) og Jimmy Chamberlin (trommer) blei medlemmer av bandet seinare same året.
Saman med Nirvana og Pearl Jam var Smashing Pumpkins blant dei største alternative rockegruppene på 1990-talet. Leia av Billy Corgan i rollene som låtskrivar, vokalist, gitarist, pianist og produsent skapte Smashing Pumpkins ei særeiga blanding av arenarock, progressiv rock, grunge, hard rock og seinare elektronisk rock. Med Corgan sin karakteristiske vokal skilte stilen dei frå andre grupper i same periode. Siamese Dream og dobbeltalbumet Mellon Collie and the Infinite Sadness er rekna som to av dei viktigaste rockealbuma frå 1990-talet. Begge albuma blei rangert blant dei 10 beste platene frå 1990-talet av Rolling Stone-lesarar. Readers top 10 albums of the Nineties
Interne strid, narkotikamisbruk og synkande platesal førte til at gruppa gav seg i 2000. Billy Corgan og Jimmy Chamberlin gjendanna gruppa i 2006. Dei novarande medlemmene er Billy Corgan (vokal, gitar), Jeff Schroeder (gitar), Nicole Fiorentino (bass) og Mike Byrne (trommer). Gruppa har selt over 18,75 millionar album berre i USA, og over 30 millionar album totalt.
Diskografi Gish, Siamese Dream og Pisces Iscariot blei 2012 relanserte i remastera deluxe-utgåver. Mellon Collie and the Infinite Sadness og Adore blei relansert på same måte i 2012/13. Machina - The Machines of God og Machina II/The Friends and Enemies of Modern Music blei kombinert til eit dobbeltalbum i 2013, slik intensjonen opphavleg var. Smashing Pumpkins announce reissues
Studioalbum TitelListeplassering1991GishUS #1951993Siamese DreamUS #10, UK #41995Mellon Collie and the Infinite SadnessUS #1, UK #41998Adore US #2, UK #52000MACHINA/the Machines of GodUS #3, UK #72000MACHINA II/the Friends and Enemies of Modern Musicgratis på internett2007ZeitgeistUS #2, UK #42009-nåTeargarden by Kaleidyscopegratis på internett2012OceaniaUS #4, UK #192014Monuments To An Elegy2015-2016Day For Night2018Shiny and Oh So Bright, Vol. 1 / LP: No Past. No Future. No Sun.2020Cyr2023Atum: A Rock Opera in Three Acts2024Aghori Mhori Mei
Bandmedlemmer PeriodeBandmedlemmerAlbum (1988 - 1996) Billy Corgan - vokal, gitar James Iha - gitar D'arcy Wretzky - bass Jimmy Chamberlin - trommer Gish (1991) Siamese Dream (1993) Mellon Collie and the Infinite Sadness (1995) (1996 - 1998) Billy Corgan - vokal, gitar, klaver James Iha - gitar D'arcy Wretzky - bass Adore (1998) (1998 - 1999) Billy Corgan - vokal, gitar James Iha - gitar D'arcy Wretzky - bass Jimmy Chamberlin - trommer MACHINA/the Machines of God (2000) (1999 - 2000)
Billy Corgan - vokal, gitar James Iha - gitar Jimmy Chamberlin - trommer MACHINA II/Friends and Enemies of Modern Music(2000) (2000 - 2006) Oppløsning (2006 - 2009) Billy Corgan - vokal, gitar, bass, keyboard Jimmy Chamberlin - trommer Zeitgeist (2007) (2009 - 2012) Billy Corgan - vokal, gitar Mike Byrne - trommer Nicole Fiorentino - bass Jeff Schroeder - gitar Teargarden by Kaleidyscope (2009-) Oceania (2012)(2012 - 2014)Billy Corgan - vokal, gitar Jeff Schroeder - gitar
Tommy Lee - trommer
Nicole Fiorentino - bass2014-Billy Corgan - vokal,gitar Jeff Schroeder - gitar
Mark Stoemer - bass
Brad Wilk - trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Smashing Pumpkins» frå , den 12. november 2018.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1988 Kategori:Alternative rockegrupper Kategori:Skipingar i 1988