«On a Night Like This» er ein song skriven av Bob Dylan og spelt inn i november 1973. Han kom først ut på det 14. studioalbumet til Dylan, Planet Waves, som opningsporet der.Williamson, N. The Rough Guide to Bob Dylan (1st ed, 2004), p. 218, Han kom òg ut som den første singelen på albumet og nådde 44. plassen på Billboard Hot 100 Songen kom sidan ut på fleire samlealbum som Biograph i 1985 og Dylan (3-CD-versjonen) i 2007.

Tekst og musikk I følgje Dylan sjølv var ikkje «On a Night Like This» ein typisk song for han, og sa at «han var på ein måte som ein full mann som er mellombels edru». Dylan-biografen Clinton Heylin meinte songen var ein skuffande start på Planet Waves. Teksten meinte han derimot var smart.

Forfattaren Oliver Trager skreiv om den «rustikke» kjensla og meinte at lyttaren kunne kjenne rimet på vindauga og lukta av brennande ved slik det er skildra i songen. Trager likte særleg munnspelet til Dylan og trekkspelet til Garth Hudson. Allmusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine skildra den «smålåtne karakteren» i songen som ein «dyd.»

Andre versjonar Los Lobos spelte inn ein versjon av songen for filmen Masked and Anonymous i 2003. Buckwheat Zydeco spelte inn songen i 1987 på albumet hans On a Night Like This. Jimmy Fallon spelte òg denne songen med Buckwheat Zydeco på Late Night with Jimmy Fallon.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «On a Night Like This (Bob Dylan song)» frå , den 25. november 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar produserte av Rob Fraboni Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Los Lobos-songar