Steven Soles er ein amerikansk visesongar, plateprodusent og gitarist.

Han var òg kjend som J. Steven Soles og vart spurt av Bob Dylan om han ville bli med på Rolling Thunder Revue-turneen i 1975-1976. Han deltok òg på Dylan-albuma Desire og Street-Legal og den påfølgjande turneen, inkludert konsertalbumet Bob Dylan at Budokan. Då turneen var over skia Soles og to andre medlemmar frå bandet til Dylan, T-Bone Burnett og David Mansfield, bandet The Alpha Band.

Steven Soles har sidan gjeve ut to soloalbum, The Promise i 1980 og Walk By Love i 1982.

Soles arbeidde òg sidan med Dylan, Burnett, The Washington Squares, Bob Neuwirth, Steve Poltz, Peter Case, Elvis Costello, Roger McGuinn, Don McLean, The Monkees, The 77s, Olivia Newton-John, Roy Orbison, Tonio K, Victoria Williams, Steve Scott og andre. Han spelte på den fjernsynssendte konserten Roy Orbison and Friends, A Black and White Night.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Steven Soles» frå , den 29. november 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar