Tony Alexander Adams () er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Dagenham som vann 8 nasjonale titlar med Arsenal FC og cupvinnarcupen 1994. Han var midtstoppar og lagkaptein for England under Fotball-EM 1996, der laget vart slått ut i semifinalen.

Klubbspel Adams debuterte for Arsenal i november 1983 og la opp i mai 2002. Frå han var 19 år gammal spelte han fast i fyrsteellevaren og 21 år gammal vart han kaptein for laget. I tida frå og med triumfen i ligacupen 1987, var Adams med om å vinne ligaen fire gongar, FA-cupen tre gongar og ligacupen to gongar og cupvinnarcupen i 1994. Han var lagkaptein frå 1988 til han la opp.

Landslagsspel Adams spelte i 66 landskampar for England i tida frå februar 1987 til oktober 2000, skåra 5 mål. Han deltok i tre europameisterskap, 1988, 1996 og 2000, og verdsmeisterskapen 1998 i Frankrike. Lengst med det engelske landslaget nådde Adams under EM i fotball 1996 på heimebane, der England rauk ut or meisterskapen i semifinalen etter straffesparktevling mot Tyskland. Han var lagkaptein i 15 kampar, fast kaptein 1995 og -96.

Merittar Vinnar av cupvinnarcupen: 1994 med Arsenal FC Engelsk ligameister: 1989, 1991, 1998, 2002 med Arsenal FC Engelsk FA-cupmeister: 1993, 1998, 2002 med Arsenal FC Engelsk ligacupmeister: 1987, 1993 med Arsenal FC

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tony Adams» frå , den 12. desember 2018.

eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000