«Things Have Changed» er ein song frå filmen Wonder Boys, skriven og framført av Bob Dylan og gjeven ut på singel 1. mai 2000. Songen vann både Oscarprisen for beste originale song og Golden Globe for beste orignale song.

Innspeling Dylan-kritikarane er usamde om når songen vart spelt inn. I følgje Olof Björner vart songen spelt inn i mai 1999 i Sterling Sound i New York. Clinton Heylin meiner at songen vart spelt inn i Sony Studios i New York, truleg 25. og 26. juli 1999. På desse datoane var Dylan på turné i USA med Paul Simon.Heylin, 2010, Still On the Road, The Songs of Bob Dylan: Volume Two, s. 436–439.

Kjeldene er samde om at musikarane på innspelinga var turnébandet til Dylan på den tida: Charlie Sexton og Larry Campbell på gitar, Tony Garnier på bass og David Kemper på trommer.

Kemper har sagt «Me var på turné og hadde ein dag fri i New York. Bob sa 'I morgon dreg me i studio. Eg har ein song eg vil spele inn'. Me gjekk inn og spelte inn 'Things Have Changed' med berre ein lydteknikar. Me gjorde to forsøk. Den første var ein New Orleans-sak. Den andre var opptaket som vart nytta. Så i løpet av fem timar hadde me lært oss songen, spelt han inn og miksa han.»

Mottaking Singelen gjekk inn på Billboard Hot 100. Singelen nådde 58. plassen på UK Singles Chart i oktober 2000.

Innhald 7"-singel (COL 669379 7) — avgrensa utgåveThings Have Changed 7» vinyl ved Discogs A «Things Have Changed» – 5:08 B «Blind Willie McTell» (konsertopptak) – 7:01

CD promosingel (COL 669333 1) — Europa«Searching For A Gem», Bob Dylan's Officially Released Rarities and Obscurities: Audio: 2000 «Things Have Changed» (Radio Edit) – 3:37 «To Make You Feel My Love» (Live) – 4:10

CD-singel (COL 669333 2) «Things Have Changed» (Radio Edit) – 3:37 «To Make You Feel My Love» (Live) – 4:10 «Hurricane» – 8:33 «Song to Woody» (Live) – 4:26

Things Have Changed/Dylan Alive Vol. 3 (SRCS 2306) — japansk EP-utgåve «Things Have Changed» – 5:09 «Highlands» (Live) – 11:19 «Blowin' in the Wind» (Live) – 7:10 «To Make You Feel My Love» (Live) – 4:11

Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Things Have Changed» frå , den 17. desember 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 2000 Kategori:Songar frå 2000 Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Oscarvinnande songar Kategori:Golden Globe-vinnande songar Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Columbia Records-singlar