The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971) er den åttande utgjevinga av Bob Dylan Bootleg Series. Denne samlinga består av innspelingar som ikkje var gjevne ut før, demoinnspelingar og alternative opptak som hovudsakleg var henta frå innspelingane kring Self Portrait og New Morning tidleg i 1970-åra, og to konsertopptak frå Isle of Wight-festivalen i 1969. Samlinga kom ut på Legacy Records 27. august 2013.

Plateomslaget er eit nytt måleri av Bob Dylan. Notata i omslaget vart skrivne av Greil Marcus, som skreiv den opphavlege meldinga av Self Portrait for Rolling Stone der han spurte «Kva er denne skiten?». Omslaget innehelddt òg eit langt essay av journalisten Michael Simmons. Samlinga inneheld òg sjeldne fotografi frå denne tida, tekne av John Cohen og Al Clayton.

Bakgrunn På The Bootleg Series Vol. 10 – Another Self Portrait (1969–1971) syng Dylan countrysongar frå Nashville Skyline («Country Pie» og «I Threw It All Away»), tolkar tradisjonelle viser («Little Sadie», «Pretty Saro») og syng samtidige songar (Tom Paxton sin «Annie's Gonna Sing Her Song» og Eric Andersen sin «Thirsty Boots») i tillegg til sine eigne songar.

Marknadsføring Den første songen som kom ut frå The Bootleg Series Vol. 10 – Another Self Portrait (1969–1971) var ein uutgjeven demo av «Wigwam» i lag med ei anna uutgjeven innspeling av «Thirsty Boots» på ein 7" vinylsingel for Record Store Day 2013. Den 8. august 2013 kom det ut ein video for songen «Pretty Saro», ein tradisjonell engelsk ballade. Videoen inneheld bilete frå arkivet til Farm Security Administration i Library of Congress. Ei veke seinare var songen tilgjengeleg for nedlasting..

Utgåver The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971) kom ut som ein standard dobbel-CD, i tillegg til ei luksussamling med fire plater, som for første gongen inneheld den komplette konserten til Bob Dylan og The Band frå Isle of Wight-festivalen den 31. august 1969 (feilaktig datert til 30. august 1969 i plateomslaget) Luksusutgåva inneheldt òg ei nyleg nymastra utgåve av Self Portrait frå 1970, i tillegg til to bøker med notat av Greil Marcus. Ei vinylutgåve av The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971) inneheld den 35 songane frå albumet fordelt på tre vinylplater og eit 12"x12" stort hefte.

Mottaking

I meldinga si for AllMusic gav Thom Jurek albumet fire av fem stjerner, og kalla det «eit uunnverleg tillegg til katalogen». Han meinte at Dylan gjorde dei rette vala i høve det originale New Morning, men at dei unytta og alternative opptaka likevel var interessante.

I meldinga si for American Songwriter gav Jim Beviglia albumet fire av fem stjerner. Beviglia skreiv: «Denne samlinga prøver å rette opp att feila i produksjonen og songutvalet som vart gjort då desse albuma først kom ut. I høve Self Portrait er overdubbingane som vart lagt til i ettertid fjerna og fjerna dermed filteret mellom lyttaren og den rå, gripande framføringa til Dylan på «Copper Kettle» og «Days Of '49».»

I meldinga si for Consequence of Sound gav Mike Madden albumet tre og ei halv av fem stjerner og skreiv at Another Self Portrait «inneheld songar me har høyrd før, men her presentert i ei anna form, som den koslege klagesongen 'I Threw It All Away'».

I meldinga for Guitar World skreiv Jeff Slate at «greia med å vere Bob Dylan-fan er å oppdage at stordommen hans aldri tar slutt». Slate sa vidare «det som slo meg når eg reflekterte over denne serien i ti delar - for ikkje å snakke om dei offisielle studioutgjevingane til Dyan - er konsistensen i det Dylan gav ut. Det er alt veldig bra. Seriøst.»

I meldinga si for Rolling Stone gav David Fricke albumet fire og ei halv av fem stjerner og kalla det «eit av dei viktigaste, samanhengande og tilfredsstillande Bob Dylan-albuma som er gjeve ut». Fricke meinte framføringane var «presserande og forfriskande» og at Dylan «song virilt».

Innhald Alle songar skrivne av Bob Dylan, utanom der andre er nemnde. Tradisjonelle songar er arrangerte av Dylan.

Luksusutgåve

Salslister

Standard Edition Liste (2013) PlasseringDen austerrikske albumlista5Den australske albumlista10Den belgiske albumlista2Den danske albumlista2Den nederlandske albumlista2Den tyske albumlista2Den finske albumlista22Den franske albumlista41Den irske albumlista5Den newzealandske albumlista16Den norske albumlista3Den spanske albumlista10Den svenske albumlista1Den sveitiske albumlista6UK Albums Chart5US Billboard 20021Verdsalbumlista7

Luksusutgåva Liste (2013) PlasseringUS Billboard 20060

Medverkande

Musikk Bob Dylan – gitar, munnspel, piano, elektrisk piano, vokal Norman Blake – gitar David Bromberg – dobro, gitar Kenny Buttrey – trommer Ron Cornelius – gitar Charlie Daniels – bass, gitar Rick Danko – bass, vokal Peter Drake – steelgitar Hilda Harris – korvokal George Harrison – gitar, vokal Levon Helm – trommer, vokal Kelton Herston – gitar Garth Hudson – klaverinstrument Ben Keith – steelgitar Al Kooper – orgel, piano Russ Kunkel – trommer Richard Manuel – piano, vokal Charlie McCoy – bass Robbie Robertson – gitar Albertine Robinson – korvokal Alvin Rogers – trommer Maeretha Stewart – korvokal Happy Traum – banjo, korvokal Bob Wilson – piano Stu Woods – bass

Produksjon Bob Johnston – produsent Al Kooper – blåsearrangement, miksing, producer, strykearrangement Bob Dylan – arrangør, plateomslag Steve Addabbo – miksing Steve Berkowitz – miksing Greg Calbi – mastering Charles Calello – blåsearrangement, strykearrangement Matt Cavaluzzo – lydbandoverføring Josh Cheuse – fotografi Al Clayton – fotografi John Cohen – fotografi Arie De Reus – undersøkingar Geoff Gans – kunstnarisk leiar, design Callie Gladman – produksjonssamarbeidar Patrice Habans – fotografi April Hayes – produksjonssamarbeidar Magne Karlstad – undersøkingar Glenn Korman – undersøkingar Elliot Landy – fotografi Diane Lapsonv – produksjonssamarbeidar Bryan Lasley – design Greg Linn – produktmanager Greil Marcus – notat i omslaget Paris Match – fotografi David Redfern – fotografi Dave Roberts – miksing Jeff Rosen – kompilering Oddbjorn Saltnes – undersøkingar Will Schwartz – produksjonssamarbeidar Michael Simmons – notat i omsaget Debbie Sweeney – produksjonssamarbeidar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971)» frå , den 21. desember 2018.

Kategori:Samlealbum frå 2013 Kategori:Samlealbum av Bob Dylan Kategori:Columbia Records-album Kategori:Demoalbum Kategori:Album produserte av Bob Johnston Kategori:Plateomslag av Bob Dylan