Hinata Miyazawa () er ein japansk fotballspelar som spelar for i og Japan.
Miyazawa vart toppskårar i VM 2023, der Japan rauk ut av meisterskapen i kvartfinalen.
Klubbkarriere Tokyo Verdy Beleza og Mynavi Sendai Miyazawa gjekk til Tokyo Verdy Beleza i 2018, og fekk prisen for beste unge spelar i . Ho drog så til Mynavi Sendai, i forkant av den fyrste sesongen av (den øvste profesjonelle ligaen for kvinner i Japan), i 2021.
Manchester United Den 6. september 2023 skreiv Miyazawa kontrakt med Manchester United, og den 7. september var ho ein av tretti spelarar som vart nominerte til . Ho spelte sin fyrste kamp for Manchester United mot den 15. september 2023. Hennar fyrste målgjevande kom mot i ein kamp som vart spelt 12. november 2023; ho skåra sitt fyrste mål for Manchester United i ein kamp mot den 26. november 2023.
Landslagskarriere Miyazawa vart for fyrste gang tatt ut i troppen til det japanske U17-landslaget, i forkant av i 2016. Ho spelte alle dei seks kampane i meisterskapen, der Japan enda på 2. plass. I august 2018 vart ho tatt ut i troppen til det japanske U20-landslaget, som skulle spele . Miyazawa spelte alle dei seks kampane, og i finalen mot Spania skåra hun det fyrste målet i kampen. Japan vann finalen 3–1, og vann med det sin fyrste U20-VM tittel.
Den 11. november 2018 spelte Miyazawa sin fyrste kamp for det japanske A-landslaget, som vann 4–1 i ein kamp mot Noreg. Miyazawa byrja kampen på innbyttarbenken, og vart bytta inn etter 78. minutt.
Den 13. juni 2023 vart Miyazawa tatt ut i troppen som skulle spele VM i Australia og New Zealand.
Den 22. juli 2023 skåra Miyazawa det fyrste og det tredje målet i VM-kampen mot Zambia, som enda 5–0 til Japan. Miyazawa vart også kåra til kampens beste spelar. Den 31. juli skåra ho to mål mot Spania, som til slutt vart verdsmeistrar. Hun hadde også ein målgjevande i same kamp.
Den 8. august skåra Miyazawa eit sjølvmål mot Noreg i åttededelsfinalen, og 3–1-målet, slik at Japan gjekk videre til kvartfinalen. Også i denne kampen vart ho kåra til kampens beste spelar. I kvartfinalen vart Japan slått ut av Sverige.
Miyazawa vann gullskoen som toppskårar i verdsmeisterskapen, med fem mål.
Karrierestatistikk Klubb
KlubbSesongLigaNasjonalcupLigacupInternasjonaltTotaltDivisjonKamparMålKamparMålKamparMålKamparMålKamparMålTokyo Verdy Beleza20181645082 -2962019183409220335202018653 - -239Totalt5213143174208520MyNavi Sendai2021/2219310 - -2032022/232011050 -261Totalt3942050004642023/241211020201712024/25191504000281Totalt312606020452Totalt i karrieren122192232804017626
Landslag
LandslagÅrKamparMålJapan20181020191020200020212020221342023165202490202550Totalt479
Utmerkingar Klubb Tokyo Verdy Beleza : 2018, 2019 Empress’s Cup: 2018, 2019, 2020 Nadeshiko League Cup: 2018, 2019 AFC Women’s Club Championship: 2019
Manchester United
Landslag Japan U20
Japan Aust-Asiameisterskapen: 2022
Individuelle WE League Valuable Player Award: 2021/22, 2022/23 Gullskoen (VM): 2023 IFFHS Women’s World Team of the Year: 2023
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hinata Miyazawa» frå , den 1. juli 2025.
Kategori:Japanske fotballspelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Spelarar i Women’s Super League Kategori:Japanske kvinnelandslagsspelarar i fotball