In My Own Time er det andre og siste studioalbumet til Karen Dalton, gjeve ut på Paramount Records i 1971. Albumet vart produsert av Harvey Brooks og var det siste albumet ho gav ut før ho døydde i 1993. Albumet kom ut på ny på Light in the Attic i 2006.
Mottaking
Thom Jurek hylla albumet i meldinga si for AllMusic og skreiv «ei meir polert utgjeving enn den koselege, men noko rå debuten... Om ein berre skal ha eitt Karen Dalton-album så er det dette. Det skapar ei lydverd som er ulikt alt anna. Det pressar songaren utafor komfortsonen hennar og fører derfor lyttaren til staden Dalton faktisk okkuperte om songar. Utan unnskyldning eller uro for teknikk, kunne ho gjere kvar ein song til sin, og skape ei personleg forteljing som nådde lenger enn sjølve songen, gjennom personen hennar og bli ei sanning for lyttaren.» Steven M. Deusner skreiv for Pitchfork Media at albumet «avslører ei krevjande, intuitiv, eksentrisk songar og arrangør som aldri song sine eigne tekstar, men som tydeleg og sjølvsikkert uttrykte seg sjølv med andre sine tekstar.»
Innhald
Medverkande Karen Dalton – vokal, banjo, 12-strengsgitar, arrangement Richard Bell – piano Harvey Brooks – bass, arrangement Amos Garrett – gitar John Hall – gitarsolo på «In My Own Dream» Daniel Hanken – gitar Bill Keith – pedalsteelgitar Ken Pearson – orgel Denny Seiwell – trommer John Simon – piano Greg Thomas – trommer Dennis Whitted – trommer Bobby Notkoff – fiolin Hart McNee – tenorsaksofon Robert Fritz – klarinett Marcus Doubleday – trompet
Kjelder Denne artikkelen bygger på «In My Own Time (album)» frå , den 8. januar 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Karen Dalton-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Paramount Records-album Kategori:Album produserte av Harvey Brooks