Deliver er det tredje albumet til The Mamas & the Papas, gjeve ut i 1967. Det nådde andreplassen på Billboard «Top Pop»-albumlista for 1967. Tre av singlane på albumet gjekk inn på «Pop Singles»-lista i USA: «Dedicated to the One I Love» på andreplassen, «Creeque Alley» på femteplassen og «Look Through My Window» på 24. plassen.

Albumet kom først ut på CD i 1988 og heile albumet kom ut på All the Leaves Are Brown, ei samling av dei fire første albuma deira.

Albumtittelen var ein intern spøk i gruppa, sidan innspelinga hadde kome i gang kort tid etter Cass Elliot hadde annonsert at ho var gravid med dotter si, Owen. På grunn av skamma det var på denne tida for ugifte mødrer, vart både svangerskapet og fødselen halde løynd for ålmenta og albumet var meint å implisere at Elliot og dei andre hadde «fødd» eit nytt album.

Innhald

Medverkande Denny Doherty - vokal Cass Elliot - vokal John Phillips - vokal, gitar Michelle Phillips - vokal Hal Blaine - trommer, perkusjon Larry Knechtel - klaverinstrument Jim Horn - fløyte, saksofon Joe Osborn - bassgitar «Doctor» Eric Hord - gitar P.F. Sloan - gitar Gary Coleman - perkusjon, bjøller, marimba

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Mamas and the Papas Deliver» frå , den 12. januar 2019.

Kategori:The Mamas & the Papas-album Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:Album produserte av Lou Adler Kategori:Dunhill Records-album