Walid al-Kubaisi () var ein norsk forfattar, journalist, omsetjar og sivilingeniør.
Kubaisi kom frå Irak til Noreg som flyktning i 1986. I Irak voks han opp i ein velståande familie og utdanna seg til sivilingeniør. Faren var politimeister og andre familiemedlemmer vart drepne i eit opprør mot Saddam Hussein. Ifølgje eiga forteljing smugla faren han over grensa til Syria og vart deportert til Libanon der han var i seks år. I Beirut arbeidde han som journalist mellom anna for avisene til PLO og flykta vidare til Noreg. I Arendal vart han kjent med mellom andre Arne Myrdal.
Han gav ut den første boka si i 1996, essaysamlinga Min tro, din myte: islam møter norsk hverdag. Kubaisi vart tildelt Skjervheimprisen i 2003 og han vart statsstipendiat i 2007. I 2016 vart han saman med Loveleen Rihel Brenna tildelt Fritt Ords honnør for «innspel i innvandrings- og integreringsdiskusjonar (…) sekulære (ikkje-religiøse) premiss, og bidratt til nyansering og vitalisering av mangfaldsdebatten».
Kubaisi skreiv fast for Dag og Tid i 15 år og hadde publisert fleire kronikkar om mellom anna Irak, innvandring, islam og ytringsfridom.
Bibliografi Blekk og blod: ei familiekrønike frå Midtausten og Noreg, Dreyers forlag, 2016 Allahs lille brune: Koranen og profetens ord i utvalg, redaktør Walid al-Kubaisi og Ronnie Johanson, Religionskritisk forlag, 2004 (første utgave 1989), ISBN 82-7265-015-0 Rasisme forklart for barn: en bok for barn i alle aldre, og med alle hudfarger, Pantagruel, 2001, ISBN 82-7900-127-1 Norske Poteter og Postmodernistiske Negre. Kulturbro Forlag, 2000 Halvmånens hemmeligheter. Pantagruel, 1998 Gleden er ikke mitt yrke. Pantagruel, 1998 Sinbads verden. barnebok. Pantagruel, 1997 Min tro, din myte. Aventura, 1996
Film Frihet, likhet og Det muslimske brorskap (Dokumentar, 2010)
Referansar
Bakgrunnsstoff Artiklar i Dag og Tid: https://www.dagogtid.no/author/kubaisi/
Kategori:Folk frå Bagdad Kategori:Irakarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Sivilingeniørar Kategori:Statsstipendiatar