Stills er eit studioalbum frå 1975 av den amerikanske musikaren Stephen Stills. Det var det tredje soloalbumet hans og det første han gav ut på Columbia Records.

Stills byrja å spele inn eit soloalbum i 1973 med arbeidstittelen As I Come of Age, og det var «nesten ferdig» i februar 1974.Dave Zimmer, Crosby, Stills and Nash, 2000, p.170. Han kan ha spelt inn meir tidleg i 1974, men frå mai til desember var Stills oppteken med eit sameina Crosby, Stills, Nash and Young.Zimmer, p.170-178. Stills fekk kontrakt med Columbia tidleg i 1975 og vende attende til dette albumet, som var «ei samling songar Stephen hadde arbeidd på dei føregåande åra», mellom andre «mange songar spelte inn for As I Come of Age».Zimmer, p.181. Pianoet og trommespora av Stills og Ringo Starr for As I Come of Age var datert attende ti 1971,Stills LP sleeve notes. medan «Turn Back the Pages» vart spelt inn i 1975.CD-heftet som følgde plateboksen CSN, 1991. Sjølv om «My Angel» vert tilskriven Stills og Dallas Taylor, og Stills kalla det ein «jam over fleire Dallas-rytmar», spelte Stills inn ein demo av songen i mars 1967, før han trefte Taylor.Demoen finst i plateboksen Buffalo Springfield frå 2001, og er datert slik i heftet.

Innhald

Medverkande

Stephen Stills - Solovokal (1-12), sologitar (1,11), rytmegitar (1,6,11), gitar (2,10), bass (1,3,6,9,10,11), piano (1,3,5,9,12), clavinet (3), orgel (3,5,9), elektrisk piano (5,10), tamburin (6) Donnie Dacus - rytmegitar (1,11), gitar (2,8), sologitar (9), vokal (1,4,5,8,11,12) Tubby (Ron) Ziegler - trommer (1,6) Joe Lala - perkusjon (1,2,3,7,8,11), conga (11) Jerry Aeillo - orgel (1,10,11), piano (10,11) Marcy Levy - vokal (1) Leland Sklar - bass (2,5,8) Danny Hutton - vokal (2) Kenny Passarelli - bass (4), vokal (2,4,5,7,10) Peggy Clinger - vokal (2) Dallas Taylor - trommer (3,7) Russ Kunkel - trommer (5,8,10) Rick Roberts - vokal (5,8), gitar (?) David Crosby - vokal (7,9) Graham Nash - vokal (7,9) Ringo Starr - trommer (9) Betty Wright - vokal (11) Conrad Isidore - trommer (11) Jimmy Fox - trommer (12) Claudia Lennear - vokal (12) George Terry - gitar, vokal (omtalt på omslaget, men ikkje kva song)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stills (Stephen Stills album)» frå , den 21. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Stephen Stills-album Kategori:Columbia Records-album