«Southern Cross» er ein song skriven av Stephen Stills, Rick Curtis og Michael Curtis og framført av rockebandet Crosby, Stills & Nash. Songen kom ut på albumet Daylight Again og vart gjeven ut på singel i september 1982. Stephen Stills syng solovokal på heile songen, medan Graham Nash er med på andreverset. Sidan David Crosby ikkje kom med før innspelinga av albumet var godt i gang, er ikkje vokalen hans med på denne versjonen av songen, men han er med i musikkvideoen og song på songen på konsertframføringane til gruppa. Singelen vart ein suksess på listene og nådde 18. plassen på Billboard Hot 100-lista i tre veker seint i november og tidleg i desember 1982.

Songen omhandlar ein mann som seglar i Stillehavet etter eit mislykka kjærleiksforhold. «Southern Cross» er basert på songen «Seven League Boots» av Rick og Michael Curtis. Stills skreiv om teksten noko og laga eit nytt refreng.CSN Boxed Set

Videoen til songen vart mykje spelt på MTV og VH1 med Stephen Stills som seglar ein stor båt (kalla Southern Cross) innimellom bilete av gruppa som syng songen.

Medverkande Stephen Stills — vokal, gitar Graham Nash — vokal

Andre medverkande Timothy B. Schmit — vokal Art Garfunkel — vokal Michael Stergis — gitar Mike Finnigan — klaverinstrument, korvokal Richard T. Bear — klaverinstrument George «Chocolate» Perry — bass Joe Vitale — trommer Joe Lala — perkusjon

Andre versjonar «Southern Cross» er òg blitt spelt av Jimmy Buffett, på konsertalbumet Buffett Live: Tuesdays, Thursdays, Saturdays Den britiske musikaren Dave Mason Pat McGee på debutalbumet From the Wood Sludge metal-bandet Weedeater på debutalbumet ...And Justice for Y'all

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Southern Cross (Crosby, Stills and Nash song)» frå , den 23. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Crosby, Stills, Nash & Young-songar Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Songar om hav og sjø Kategori:Songar skrivne av Stephen Stills Kategori:Atlantic Records-singlar