mini|4 x 100 m medleystafett under World Aquatic Championships 2017 i Budapest. Medley i symjing er ein kombinasjon av fire ulike symjestilar i ein distanse. Ein kan symja medley både som individuell øving og som stafett.
Individuell medley
I individuell medley symm den same symjaren like lange distanser i fire ulike stilar. Rekkjefølgja er:
Butterfly Rygg Bryst Fristil (crawl) (alle symjestilar er lov bortsett frå butterfly, bryst- eller ryggsymjing2013 USA Swimming Rule Book, 101.5.2 Stroke)
Tevlingar
Ein tevlar både nasjonalt og internasjonalt på følgjande distansar: 100 m, 200 m, 400 m.
100 m individuelt: Berre i kortbanebasseng (25 m). Er ikkje olympisk øving. 200 m individuelt: Både i kortbane- og langbanebasseng. Dette var olympisk øving i OL 1968 i Mexico by, og frå og med OL 1984 i Los Angeles har øvinga vore fast på programmet. 400 m individuelt: Både kortbane og langbane. Har vore OL-øving sidan OL 1964 i Tokyo.
Medleystafett Medleystafett (også kalla lagmedley) blir symd av lag med fire deltakarar, der kvar deltakar sym ein etappe. Ryggsymjing er den første disiplinen, sidan ryggsymjarane startar frå vatnet. Rekkjefølgja er:
Rygg Bryst Butterfly Fristil (crawl)
Tevlingar
Ein tevlar i: 4 * 50 m medleystafett: Berre i kortbanebasseng, og er ikkje ei olympisk øving. 4 x 100 meter medley: Både i kortbane- og langbanebasseng. Har stått på det olympiske programmet sidan OL 1960 i Roma..
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Medleysvømming» frå , den 26. januar 2019.
Kategori:Symjing