mini|Kanga frå Tanzania, 2011. Teksten på denne kangaen er Usijaze masusu kwa mambo yasokusuhu, 'Ikkje fyll hugen din med ting som ikkje vedkjem deg'. mini|Forenkla illustrasjon av ein kanga. (1) pindo; (2) mji; (3) jina. På denne kangaen er jinaen Bahati ni upepo sasa upo kwangu, som ein kan omsetja med 'Hell er som vind, no det på mi side.'
Kanga, også kalla khanga og leso, er eit fargerikt bomullsklede frå området rundt Dei store sjøane i Afrika som liknar kitenge, men er lettare. Kledet er rundt 1,5 meter langt og 1,1 meter breitt, og har ei utforming som skil det frå andre afrikanske klede. Det har ofte eit sentralt motiv (swahili mji) med border i ei anna utforming (pindo) rundt. Under midtmotivet kan det ha ein kort tekst, jina ('namn'). Mønstera er trykte i sterke fargar og kan vera inspirerte av natur eller visa personar.
Kanga er rekna som nasjonaldrakt i Tanzania. Han blir særleg brukt av kvinner og ein del av menn. Det blir gjerne selde i par, slik at ein kan laga sett av dei. Namnet «kanga» skal koma av at det opphavlege spetta svarte og kvite mønsteret på kleda likna det til perlehøns, som også heiter kanga på swahili.
Bruk mini|venstre|To kvinner med kanga som skjørt eller sarong i Moshi i Tanzania. mini|Tanzaniansk brur med kanga som slør over hovudet. Kanga kan brukast til ei rekkje føremål, til dømes som skjørt, forkle, hovudklede, handklede, sengeklede, bønneklede, gardin, dukar og mykje anna. Ein tradisjonell måte å bruka kanga på er å ha ein som skjørt eller sarong og ein annan som eit sjal over skuldrer og hovud. Muslimske kvinner kan bruka kanga som bønesjal. Kangaer kan også brukast som beretøy for å bera småbarn. Dei blir også selde som suvenirar og brukt innan moteverda.
Kanga har ei kulturell viktig tyding på den afrikanske austkysten, og blir ofte gjeven i gåve i samband med fødselsdagar og andre høve. Dei kan også bli gjevne som del av ein michengo (innsamling) til ein familie i sorg i Tanzania etter at dei har mista eit familiemedlem. Kangaer liknar også på kishutu og kikoyklede, som tradisjonelt er blitt brukte av menn. Kishutu er ei av dei eldste kjende utformingane, truleg kalla opp etter ein by i Tanzania, og er særmerkte ved at dei blir gjevne til unge brurer som del av medgifta eller av healerar mot vonde ånder. Den rituelle funksjonen gjer at klede meint for dette høvet ikkje nødvendigvis har eit visdomsord påtrykt.
Kangaklede kan brukast til å dela ulike meldingar, som personlege eller religiøse helsingar, politiske slagord og helseråd.
Opphav mini|Kvinne med kanga i Siyu på Pate Island i Kenya. Kanga har vore brukt som klede av kvinner i Aust-Afrika sidan 1800-talet. Kleda er knytte til swahilikulturen. Det er uklart om dei først oppstod i Mombasa eller Zanzibar. Det finst ulike tidlegare tradisjonar for utforming av klede som kan ha ført fram til kangaen. Kledetradisjonen er påverka av ein mangeårig handel med austen og vesten, og med det indre av Afrika.
Merikani og kaniki
På Zanzibar omtalte ein ubleika og ufarga bomullsklede importerte frå USA som merikani, eit swahili-substantiv avleidd frå adjektivet American. Dette kledet blei utbreidd frå midten av 1800-talet. Det blei brukt som klede av slavar. Mannlege slavar knytta kledet om livet medan kvinnelege slavar festa det ved armholene.http://www.zanzibarhistory.org/amerikani_clothing_in_zanzibar.htm Dersom ein farga merikaniklede svart eller mørkeblått med indigo kunne ein kalla dei kaniki. Dette var opphavleg ei nemning om kalikostoff importerte frå India, som hadde vore mest populære fram til då. Etterkvart byrja ein dekorera kleda på andre vis, som mønsterfarging, blokktrykking eller måling. Lenços Eit anna mogleg opphav er mønstra tørkle kalla lencos som portugisiske handelsfolk hadde med seg frå India og Arabia. Kvinner i Zanzibar og Mombasa kunne sy saman fleire mindre tøystykke til eit større, rektangulært tøystykke med eit nytt, sjølvlaga mønster. Dette kledet blei utbreidd i heile kystregionen, og spreidde seg etterkvart til dei store sjøane. Etterkvart byrja handelsfolk å bestilla klede i liknande design, som eit stykke tøy laga av seks lenco-stykke, men no som eit enkelt klede. Kleda er framleis kjende som lesos eller lessos i nokre område, etter det portugisiske ordet.
Produksjon Tidlege kangaer blei gjerne dekorerte for hand med blokktrykk. Deretter blei det vanleg å produsera mønstera industrielt ved fabrikkar i India og Europa, både med design frå Afrika og laga ved fabrikkane sjølve. Fram til midten av 1900-talet blei kangaklede hovudsakleg utforma og trykka i India, Den fjerne Austen og Europa. Frå 1950-talet byrja ein også å trykka kangaer i byen Morogoro i Tanzania (MeTL Group Textile Company), Kenya (Rivatex og Thika Cloth Mills Ltd er nokre av dei største produsentane i landet) og andre afrikanske land.
Slagord Tidleg på 1900-talet blei det vanleg å trykka ordtak, munnhell, aforismar og slagord på kangaer. Ein kjøpmann i Mombasa, Kaderdina Hajee Essak som var kjend som «Abdulla», byrja å merka kangaene han selde med «K.H.E. - Mali ya Abdulla», og la ofte også til eit swahili-ordtak. Opphavleg var desse trykte med arabisk skrift, seinare tok ein i bruk latinske bokstavar. Slagorda har ofte form som gåter eller ordtak. Dersom ein gjev ein kanga i gåve må ein merka seg slagordet og sikra at det ikkje kan oppfattast som ei fornærming.
I den austlege delen av bruksområdet er det vanleg å ha tekstar på swahili, medan i det sentrale området kan dei vera på swahili eller lingala. På Madagaskar er kleda kjente som lamba og har slagord (ohabolana) på malagassisk. mini|Kanga til tørk på ei klessnor i Paje på Zanzibar.
Nokre døme på ordtak som blir brukte er: Majivuno hayafai: Å briska seg har ingen verdi. Mkipendana mambo huwa sawa: Alt er godt om de elskar kvarandre. Japo sipati tamaa sikati: Sjølv om eg ikkje har noko, har eg ikkje gitt opp ønsket mitt om å få det eg vil ha. Wazazi ni dhahabu kuwatunza ni thawabu: Foreldre er gull; å passa på dei er ei signing. Sisi sote abiria dereva ni Mungu: Me er alle passasjerar, Gud er føraren. Fimbo La Mnyonge Halina Nguvu: Slaget til ein svak mann har ikkje styrke. Mwanamke mazingira tunataka, usawa, amani, maendelo: Me (kvinner) vil ha likestilling, fred og framsteg. Naogopa simba na meno yake siogopi mtu kwa maneno yake: Eg er redd for ei løve med sine sterke tenner, men ikkje ein mann og orda hans. Leo ni siku ya shangwe na vigelegele: I dag er ein dag for feiring og gledesrop. Siri haidumu milele: Ein løyndom varar ikkje evig.
Sjå òg Capulana
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kanga (garment)» frå , den 16. juni 2021. oppgav desse kjeldene: Litteratur Beck, Rose-Marie (2001). 'Ambiguous signs: the role of the 'kanga' as a medium of communication', Afrikanistische Arbeitspapiere, 68, 157–169. Erie Art Museum. "Kanga & Kitenge: Cloth and Culture in East Africa" Hanby, Jeanette & David Bygott, (2006) 'Kangas - 101 Uses', HariaStamp Publishers, Hongoke, Christine J. (1993) The effects of Khanga inscription as a communication vehicle in Tanzania, Research report, 19. Dar es Salaam: Women's Research and Documentation Project. Linnebuhr, E. (1992) 'Kanga: popular cloths with messages', in Werner Graebner (red.) Sokomoko: Popular Culture in East Africa (Matatu vol. 9). Rodopi, 81–90. Parkin, David (2004) 'Textile as commodity, dress as text: Swahili kanga and women's statements', in Ruth Barnes (ed.) Textiles in Indian Ocean Societies. London/New York: Routledge, 47–67. Yahya-Othman, Saida (1997) 'If the cap fits: 'kanga' names and women's voice in Swahili society', Afrikanistische Arbeitspapiere, 51, 135–149. Kahabi, CM. (2010) Kanga and Vitenge in Remanufactured Fashion; University of Manchester.
Bakgrunnsstoff
Kanga pictures Kanga writings Collection of and commentary on 436 sayings on East African cloth Kanga information at Center for African Studies University of Illinois, Urbana-Champaign
Kategori:Afrikanske klede Kategori:Aust-Afrika Kategori:Skjørt Kategori:Swahilikultur Kategori:Tanzania Kategori:Nasjonaldrakter