mini|Dei to dialektane av burusjaski i det nordlege Pakistan
Burusjaski [buˈɾuɕaski] er eit språk som vert prata i Karakorumfjella i nordlege Pakistan av i underkant 100 000 menneske. Det er korkje i slekt med dei indoariska (dardiske) grannespråka shina og khowar, eller det austiranske språket wakhi. De fleste forskarar ser burusjaski som eit isolert språk, som ikkje er beslekta med noko anna kjend språk i verda.
Sosiolingvistisk tilstand høgre|545x545pk|Utbreiinga til språket i oransje Burusho – talarane av burushaski – lever i den nordvestra delen av Gilgitdistriktet i det nordlege Pakistan, i Hunza- og Nager-området på båe sider av elva Hunza i Hunzadalen og i Yasin-dalen, som ligg 100 kilometer unna. Yasindialekten avvik tydeleg frå Hunza-Nagar-dialekten (fonetisk, leksikalsk, delvis òg morfologisk), men det rår full ymsesidig forståing dialektane i mellom.
Det genetisk isolerte språket burusjaski skil seg ikkje bare i ordforråd og formverk frå alle andre språk i verda, men det er òg språktypologisk spesielt, framfor alt i den komplekse verbalmorfologien og i nominalmorfologien. I tillegg til dei gamle lånorda frå dei dardiska grammespråka (framfor alt frå shina, men òg frå khowar) og i nokre tilfelle frå det sino-tibetanske balti når no alt fleire urduord og engelske omgrep burusjaski. Den mellomste generasjonen av talarar har mista ein del av det gamle ordforrådet og dei yngre beherskar ofte ikkje lengre den komplekse morfologin og syntaksen. Talet på dei som snakkar burusjaski har auka noko att under det seinaste tiåret og innstillinga dei fleste burushoar har til språket sitt er samanlagt positiv; dei går ut i frå at barnet deira skal læra seg burusjaski og føra det vidare.Backstrom 1992 Dei fleste burushoar føretrekker stadig morsmålet som kommunikasjonsmiddel, sjølv om fleste burushoane er fleirspråklege og òg beherskar khowar, shina eller urdu.
Forskingshistorie Dei første milepælane i utforskinga av burusjaski er arbeida av G. W. Leitner og J. Biddulph i slutten av 1800-talet. Neste viktige bidrag var D. L. R. Lorimers The Burushaski Language 1935-38, utgjeve på Institutt for samanliknande kulturforsking i Oslo. Det inneheldt ei stor ordliste og ein grammatikk over burusjaski. Viktige nyare arbeida inkluderer Hermann Berger, som har gjort omfattande analysar og framstilt grammatikk og ordbok for Yasin-dialekten (1974) og for Hunza-Nagar-dialekten (1998).
Slektskap med andre språk
Den dene-kaukasiske hypotesen Burushaski har vorte sett på og vert enno sett på av sine viktigaste utforskarar som eit isolert språk. Likevel har det vorte gjort forsøk på å knyte burusjaski til andre språk eller språkgrupper, i første hand med baskisk og de nordkaukasiska språka. Ei enno vidare råme trekker til dømes B. Blažek og Bengtson (1995) med ei innordning av burusjaski i den hypotetiske makrofamiljen sino-kaukasiska språk eller dene-kaukasiska språk, som unntatt de sinotibetanska språka omfattar så å seia alle eurasiska restspråk, som baskiske, kaukasiska, hurritisk, urarteisk, sumerisk, jenisejiske språk, nahali og burusjaski, og dessutan i ein utvida versjon til og med med dei nordamerikansk Na-denespråka. Ingen av desse hypotesane har til no fått noko alvorleg aksept, det har ikkje vore mogleg å rekonstruere eit truverdig ordforråd for desse språkfamiliane. Dermed vert burusjaski stadig vurdert som eit isolert språk.
Den jenisejska hypotesen Ein interessant nyare tese sin kan bli tolka som ein meir avgrensa del av den meir omfattande dene-kaukasiske hypotesen: van Driem (2001) viser til ein nær typologisk men òg materiell slektskap i verbalmorfologin (særleg i personprefiksa) mellom burusjaski og ket, eit jeniseispråk. Van Driem konstruerer ut av dette ein ''karasuk''-familie, som skulle bestå av på eine sida jeniseispråka, og på den andre sida burusjaski. Han ser samanheng mellom denne hypotetiske lingvistiske eininga og ein forhistorisk sentralasiatisk kultur, ”karasuk-kulturen”. Som ei følgje av motsette vandringsrørsler under det andre årtusendet f.Kr. skal dei noverande jeniseifolka ha kome til Sibir og burushoane til Karakorum. Burusho-folkevandringa skal då under lang tid ha vore parallell med den dardiska bruppa blant indoariane, som kunne forklare dei talrike tidlege lånorda frå dei dardiska språka. Dermed skulle burusjaski ikkje vera eit språk som vart snakka før dei indoariska språka i det indiske området. Ei innvandring skulle ha skjedd parallelt i tida med de indoariska innvandringane under andre årtusendet f.Kr., og folket kan etter denne modellen ha nådd det noverande bosetjingsområdet først under første tusenåret f.Kr. Leksikalsk er det ikkje mogleg å argumentere for eit slektskap mellom jenisejspråka. Dei morfologiska samsvara van Driem gjev framlegg om er ikkje heller uomstridde, men framfor alt er dei mindre relevant for teoriar om genetisk slektskap, så lenge ordforrådet ikkje viser noko samsvar språka i mellom.
Den indoeuropeiske hypotesen I juni 2012 vart det publisert ei utsegn frå Macquarie University som hevdar at det finst sterke bevis for å områ at burushaski er av indoeuropeiskt opphav, med opphav i frygisk.Cracking the code on the origins of a new European language , Macquarie University 17 juni 2012 Eit nummer av Journal of Indo-European Studies (2012:40) vert heilt via til desse undersøkingsresultata.
Språklege kjenneteikn Vesentlege drag i burushaski er eit fireklassesystem hos substantiv og ein yttarst komplisert verbalmorfologi med eit posisjonssystem med elleve posisjonar (båe vert forklart nedanfor). Følgjande oversyn gjeld for Hunza-Nager-dialekten og er basert på Hermann Bergers omfattande grammatikk frå 1998.
Burushaskis foneminventar er ganske stort, men ikkje ekstremt stort (34 konsonantar, 5 vokalar). Det inneheld – liksom dei dardiska språka – òg retroflekse konsonantar (konsonantar som vert danna med tilbakebøygd tungespiss mot den harde ganen, jf. uttale av austnorske ord som kart, her skrive med eit punktum under bokstaven, til dømes ţ). Vokalane er /a, e, i, o, u/, som finst i korte og lange versjonar, og for dei lange versjonane er det fleire variantar.
Nominalmorfologi
Genus Burusjaski har fire genus:
m > mannlege menneskelege vesen, gudar og andar f > kvinnelege menneskelege vesen og andar x > dyr, ord for teljelege gjenstandar y > abstrakte vesen, væsker, uteljelege gjenstandar
Forkortinga "h" (human) vert nytta som samanfatning av m- og f-klassene, "hx" som samanfatning av m-, f- og x-klassene. Substantiv i x-klassa beskriv typisk teljelege ikkje-menneskelege vesen eller ting, til dømes dyr, frukter, steinar, egg, mynt; substantiv i y-klassa derimot beskriv i regel uteljelege ikkje-menneskelege vesen eller objekt, til dømes ris, væsker, pulveriserte stoff, eld, vatn, snø, ull etc.
Denne inndelinga er likevel ikkje utan unntak, òg teljelege objekt kan tilhøyra y-klassa, til dømes ha, "hus". Interessante er òg ord som med små tydingsskilnader kan vera såvel x som y, til dømes tyder bayú i x-klassa "salt i bitar", i y-klassa tyder det ”salt i pulverform”. Frukttre vert forstått som kollektivum og tilhøyrer y-klassa, medan fruktene deira derimot, som teljelege einingar, tilhøyrer x-klassa. Same gjenstand vert av og til handsama som x eller y avhengig av materialet dei er framstelte av. Til dømes vert stein og tre rekna som x, metall og lær som y. Artikkel, adjektiv, talord og andre attributt kongruerer med klassa hos det substantivet som de bestemmer.
Pluraldanning Substantiv i burusjaski har to numerus: singular og plural. Singular er den umarkerte forma. Plural blir kjenneteikna med suffiks, som som regel er avhengig av substantivets genus:
h-klassa > vanlege pluralsuffiks: -ting, -aro, -daro, -taro, -tsaro h- og x-klassene > vanlege pluralsuffix: -o, -išo, -ku, -iko, -juko; -ono, -u; -i, -ai; -ts, -uts, -muts, -umuts; -nts, -ants, -ints, -iants, -ingants, -ents, -ondts y-klassa > vanlege pluralsuffix: -ng, -ang, -ing, -iang; -eng, -ong, -ongo; -ming, -čing, -ičing, -mičing, -ičang (Nagar-dialekt)
Visse substantiv tillèt to eller tre ulike pluralsuffiks, medan andre finst berre i plural uten særskilt suffiks, til dømes bras ”ris”, gur ”veit”, bishké ”dyrhår” (såkalla pluralia tantum), og ytterlegare andre har same form i singular og plural: til dømes hagúr ”hest(ar)”. Adjektiv har sine eigne pluralsuffiks og bruken av dei er avhengig av klassa hos det substantivet som dei bestemmer, til dømes dannar burúm ”kvit” x pl. burúm-išo, y pl. burúm-ing.
Nokre døme på pluralbildning i burusjaski
wazíir (m), pl. wazíirting ”vesir, statsråd” hir (m), pl. hirí ”mann” (trykkendring) gus (f), pl. gushíngants ”frue” (trykkendring) dasín (f), pl. dasíwants ”jente, ugift kvinne” huk (x), pl. hukái ”hund” (trykkendring) tilí (x), pl. tilí ”valnøtt” tilí (y), pl. tiléng ”valnøtttre”
Kasusdanning Burushaski er eit ergativt språk. Det har fem primære kasus: KasusetSuffiksFunksjonAbsolutivumarkertSubjekt til intransitive verb og direkte objekt til transitive verbErgativ-eSubjekt til transitive verbObliquus-e; -mo (f-kl.)Genitiv; basis for sekundære kasusendingarDativ-ar, -rDativ, allativAblativ-um, -m, -moSeparativ (kor frå?) Kasussuffiksa vert i plurar lagt til etter pluralsuffikset, til dømes Huséiniukutse ”Husseins folk” (ergativ plural). Genitivendinga er berre i singular av f-klassa /-mo/, elles alltid /-e/ (altso identisk med ergativendinga). Dativendinga /-ar/, /-r/ vert i singular av f-klasse likso lagt til obliquus, elles til absolutiv. Døme:
hir-e ”mannen sin”, gus-mo ”kvinna si” hir-ar ”til mannen”, gus-mu-r ”til kvinna”
Genitiven står før det substantivet som han utgjer bestemming til: Hunzue tham ”emiren av Hunza”.
Endinksgane for sekundære kasus vert danna frå eit sekundært kasussuffiks (ofte beskrive som ”infix”) og ein av dei primære endingane /-e/, /-ar/ og /-um/. Her står /-e/ for lokativ (svarer på spørsmålet ”kvar?”), /-ar/ for terminativ (svarar på spørsmålet ”kor til?”) og /-um/ for ablativ-separativ (svarar på spørsmålet ”kor frå?”). Infiksa og grunntydingane deira er
/-ts-/ ”på” /-ul-/ ”i” /-aţ-/ ”på, med” /-or-/ ”ved” (berre i Hunza-dialekten)
Derav får vi følgjande ”samansette” eller sekundære kasus: InfixLokativTerminativSeparativ-ts--ts-e ”på”-ts-ar ”til”-ts-um ”frå”-ul--ul-e ”i”-ul-ar ”inn i”-ul-um ”ut ur”-aţ--aţ-e ”på , med”-aţ-ar ”opp på”-aţ-um ”ned frå”-or--al-e ”ved”-al-ar ”burt til”-or-um ”burt frå” De regelbunde endingane /-ul-e/ og /-ul-ar/ er forelda og vert i dag oftast erstatta med /-ul-o/ og /-ar-ulo/.
Pronominalprefix og pronomen Nomen for kroppsdelar og slektskapsnemningar opptrer i burusjaski obligatorisk med eit pronominalprefiks. Man kan altso ikkje seia heilt enkelt ”mor” eller ”arm” på burusjaski, det må vere ”armen min”, ”mora di”, ”faren hans” etc. Til dømes tyder rota mi ”mor”, men ho kan ikkje opptre isolert, i staden heiter det:
i-mi ”mora hans”, mu-mi ”mora hennar” (3f sg.), u-mi ”mora deira” (3h pl.), u-mi-tsaro ”mora deira” (3h pl.).
Pronominal- eller personprefiksa rettar seg etter person, numerus og – i tredje person – etter genus. Ei oversyn over grunnformene vert gjeve i følgjande tabell over pronominalprefiksa: Person / nominalklasseSingularPlural1. persona-mi-, me-2. persongu-, go-ma-3. person mi-, e-u-, o-3. person fmu-u-, o-3. person xi-, y-u-, o-3. person yi-, e- Personlege pronomen i tredje person skil mellom ei ”fjern” og ei ”nær” form, til dømes khin ”han, den her” (her i nærleiken) men inn ”han, han der” (der borte). I obliquus finst det dessutan så kalla kortformer.For detaljar sjå H. Berger 1998.
Talord Talsystemet i burushaski er vigesimalt, altso basert på eininga 20. Til dømes heiter 20 altar, 40 alto-altar (2 gangar 20), 60 iski-altar (3 gangar 20) etc. Grundtalen er 1 hin (eller han, hik), 2 altán (eller altó), 3 iskén (eller uskó), 4 wálto, 5 čundó, 6 mishíndo, 7 thaló, 8 altámbo, 9 hunchó, 10 tóorumo (òg toorimi og turma) og 100 tha.
Døme på samansette tal: