mini|Den fem år gamle barnekongen Ludvig XV måla av Hyacinthe Rigaud i 1715.
Régence viser til den perioden i fransk historie då landet var styrt av regenten Filip II av Orléans medan Ludvig XV var mindreårig, frå 1715 til 1723. Hertug Filip av Orléans var nevø av den føre kongen, Ludvig XIV.
Régence-stil Omgrepet viser også til ei stilretning frå omlag denne tida, omlag dei tre første tiåra av 1700-talet. Han markerte ein overgang frå barokken til tidleg rokokko, og har trekk frå begge stilane. Retninga var ein reaksjon mot den pompøse stilen ved hoffet til «Solkongen» Ludvig XIV, og var prega av måtehald med små salongar (petit salon) med smekre, flyttbare møblar. Bein på bord, skap og stolar blei laga med elegante svingar, og møbelflater kunne dekorerast med intarsia. Skrivebord og kommode var nye møbeltypar som blei innførte på denne tida.
Viktige formgjevarar frå denne tida er Jean Berain (1640–1711), Claude Audran (1658–1734), Antoine Watteau (1684–1721), Charles Cressent (1685–1768), Robert de Cotte (1656–1735), Claude Gillot (1673–1722) og Gilles-Marie Oppenord (1672–1742).
Sjå òg
Cellamare-konspirasjonen
Kjelder
Kategori:Fransk historie Kategori:1700-talet