Cressida Cowell () er ein engelsk forfattar av barne- og ungdomslitteratur. Ho er særleg kjend for serien How to Train Your Dragon, Dragetreneren, som er blitt filmatisert av DreamWorks Animation. Serien har seld i over sju millionar eksemplar over heile verda."Children's author Cressida Cowell scoops philosophers' award for fight against stupidity". The Guardian. Henta 15. juni 2017 Ho har også samarbeid med illustratøren Neal Layton om barnebokserien om Emily Brow,http://www.neallayton.co.uk/ der den første bok, That Rabbit Belongs to Emily Brown, vann ein Nestlé-barnebokpris.

Cowell vart fødd i London, og voks opp der med fleire sommaropphald på ei lita, folketom øy ved vestkysten av Skottland. Draketrenar-serien hennar skal ha blitt inpirert av desse opphalda i Dei indre Hebridane."Secret Scottish isle inspired dragon tales" BBC News, 30 March 2010

Cowell er utdanna innan litteratur og design. Ho studerte engelsk ved Keble College i Oxford og illstrasjon ved Saint Martin's School of Art og Brighton University. Ho byrja karrieren som illustratør, men blei etter kvart ein suksessrik forfattar av bilde- og barnebøker.

Cressida Cowell bur i London med ektemannen Simon, ein tidlegare leiar for International Save the Children Alliance, døtrene Maisie og Clementine og sonen Alexander.

Verk Fleire av bøkene hennar om Dragetreneren er omsette til norsk, av Sverre Knudsen.

Bøkene om Dragetreneren - How to Train Your Dragon 2003 Dragetreneren (Engelsk How to Train Your Dragon) 2004 Pirathåndboka (How to Be a Pirate) 2005 Lær å snakke dragonesisk (How to Speak Dragonese) 2006 Drageforbannelsen (How to Cheat a Dragon's Curse) 2007 Ikke slukk en drages flamme (How to Twist a Dragon's Tale) 2008 Dødelige drager (A Hero's Guide to Deadly Dragons) 2008 Dragestorm (How to Ride a Dragon's Storm) 2009 How to Break a Dragon's Heart 2011 How to Steal a Dragon's Sword 2012 The Day of the Dreader 2012 How to Seize a Dragon's Jewel How to Betray a Dragon's Hero (2013) How to Fight a Dragon's Fury (2015) The Complete Book of Dragons: A Guide to Dragon Species (2014) A Journal for Heroes (2015)

Emily Brown That Rabbit Belongs to Emily Brown Emily Brown and the Thing Emily Brown and the Elephant Emergency Cheer Up Your Teddy Bear, Emily Brown! Little Bo Peep’s Troublesome Sheep

Andre bøker Don’t Do That Kitty Kilroy What Shall We Do with the Boo-Hoo Baby There's No Such Thing as a Ghostie! Daddy on the moon Hiccup the Seasick Viking How to Train Your Viking, by Toothless the Dragon (2006)

Prisar og utmerkingar 2006 Nestlé Children’s Book Prize, Gold Award 0–5 years category: That Rabbit Belongs to Emily Brown by Cressida Cowell & Neal Layton (Orchard Books)http://www.booktrust.org.uk/prizes-and-awards/13/2006 2018 Blue Peter Book Award, Best Story category: The Wizards of Once (Hodder Children's Books)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cressida Cowell» frå og «Cressida Cowell» frå , den 18. februar 2019.

Kategori:Britiske barnebokforfattarar Kategori:Forfattarar frå London