Sefyros eller Zefyros (gresk , Zephyros, latin Zephyrus) var guddommen for vestavinden i gresk mytologi. Sefyros var son av Eos, gudinna for morgonrauden, og titanen Astraios. Han var ein av dei fire vindgudane, anemoi, og brørne hans var Boreas, Notos og Euros. Den romerske tilsvarande guden var Favonius.
I Iliaden er Sefyros far til Akhillevs sine udøyelege hestar.
Sefyros har gjeve opphav til ordet sefyr, eit omgrep for vestavind og for lette klede.
mini|venstre|Zephyr og Hyakinthos (ca. 490–480 f.Kr.) Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Greske gudar Kategori:Vindgudar Kategori:Personifikasjonar