Morten Steenstrup () var ein norsk jurist, Høgre-politikar og forretningsmann frå Tønsberg, busett i Oslo.
Liv og virke Steenstrup var son til ein lektor. Sjølv gjekk han Tønsberg gymnas og utdanna seg til cand.mag. i 1976, etter studiar i statsvitskap og sosiologi ved Universitetet i Oslo. Fire år seinare vart han cand.jur. ved same universitetet.
Steenstrup engasjerte seg tidleg i partiet Høgre. Såleis var han bystyremedlem i Tønsberg 1976–83, i den andre fireårsbolken med plass i formannskapet. Hausten 1981 vart han vald inn på Stortinget frå Vestfold, attvald i 1985. På Tinget var Steenstrup medlem i Justiskomitéen dei to fyrste sesjonane. Frå 1983 hadde han plass i Finanskomitéen til 1989, med unnatak for nokre månader som statssekretær i Finansdepartementet 1985–86 og ved Statsministerens kontor våren 1986.
I 1987 fekk Steenstrup advokatløyve. Då han gjekk ut av Stortinget, etablerte han i 1989 sitt eige advokatfirma, eit firma som i 1999 skifta namn til Steenstrup Stordrange DA. Steenstrup har særleg markert seg som forretningsadvokat, og har gjennom åra hatt styreverv i ei rad med større og mindre industriselskap og forretningstiltak. Frå 1993 hadde han møterett i Høgsterett.
Perioden 2015-19 var Steenstrup bystyremedlem for Høgre i Oslo kommune.
Steenstrup døydde av kreft heime på Nordstrand i Oslo 22. mai 2025.
Kjelder
Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Tønsberg