Sandra Márjá West () er ein norsk samisk politikar. Ho vart i 2013 vald inn som sametingrepresentant for Norske Samers Riksforbund (NSR) i Gáisi valkrins, og attvald i 2017 og 2021. West var festivalsjef for Riddu Riđđu frå 2018 til 2022.Riddu Riđđu. Sandra Marja West blir ny festivalsjef. Lese den 31.10.2021.
Ho har tidlegare m.a. vore prosjektleiar for Indigenous Youth Gathering (IYG) ved urfolkfestivalen Riddu Riđđu, og var i perioden 2012–2013 òg ein av tre samiske vegvisarar ved Samisk høgskule. Av fagleg bakgrunn har ho ein bachelor i russlandsstudium frå Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Ho har studert ved folkehøgskolen Samernas Utbildningscentrum i Jokkmokk i Sverige.
Sandra Márjá West er dotter av den samiske språkforskaren Lene Antonsen.
Verv
2013–? Varamedlem i Riddu Riđđu Festival 2009–? Varamedlem i Riddu Riđđu Searvi 2013–dd Sametingrepresentant 2017–? medlem i Samisk parlamentarisk råd
Kjelder
Sametinget - Sandra Márjá West Sametinget: Sandra Márjá West (gammel lenke) NRK: Sandra Márjá West, NSR NSR: Gáisi valgkrets
Denne artikkelen bygger på «Sandra Márjá West» frå , den 10. mars 2019.
Kategori:Samiske politikarar Kategori:Sider utan gjennomgåtte omsetjingar Kategori:Sametingsrepresentantar frå NSR Kategori:Sametingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Sametingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Sametingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Sametingsrepresentantar i Noreg 2025-2029