mini|Firdausi si grav i Tus.
Tus er ein gammel by i den iranske provinsen Razavi Khorasan. Tus ligger i nærleiken av storbyen Mashhad, ein av dei viktigaste religiøse stadene innan sjiaislam.
Byen var kjend som Susia (Σούσια) for dei gamle grekarane. Han blei hærteken av Aleksander den store i 330 f.Kr.
Han blei teken av omajjadekalifen Abd al-Malik og blei verande under omajjadekontrol fram til 747, då ein underordna av Abu Muslim Khorasani nedkjempa omajjadeguvernøren under Abbasideoppreisten.Tus, V. Minorsky, The Encyclopaedia of Islam', ol. X, red. P.J. Bearman, T. Bianquis, C.E. Bosworth, E. van Donzel and W.P. Heinrichs, (Brill, 2000), 741. I 809 blei abbasidekalifen Harun al-Rashid sjuk og døydde i Tus medan han var undervegs for å få slutt på uroa i Khorasan.The Court of the Caliphs by Hugh N Kennedy () Han er gravlag i området.Hudud al-Alam translated by V. Minorsky (SBN 7189 -2-1 7)
I 1220 blei Tus plyndra og øydelagd under den mongolske leiaren Subutai. Eit år etter drap Tolui og styrkane hans størsteparten av innbyggjarane,Tus, Gisela Helmecke, Medieval Islamic Civilization: An Encyclopedia, Vol. I, red. Josef W. Meri, (Routledge, 2006), 838. og øydela grava til Harun al-Rashid.Mediaeval Researches from Eastern Asiatic Sources, Vol. 2, red. E. Bretschneider, (Routledge, 2000), 65. Fleire tiår seinare blei byen gjennoppbygd under guvernøren Kuerguez.
Byen er best kjend som opphavsstaden til diktaren Abu l-Qasim Firdausi (død ca. 1020), som stod bak det monumentale persiske nasjonaleposet Sjāhnāmeh, eller Den iranske kongeboka. Den betydelege islamske lærde Abu Hamid Muhammad al-Ghazali kom også herfrå, fødd her i 1058. Andre større personar frå Tus er Asadi Tusi (død 1072), Sharaf al-Din al-Tusi (død 1213) og Nasir ad-Din at-Tusi (død 1274).
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tus» frå og «Tus, Iran» frå , den 12. mars 2019.
Kategori:Oldtidsbyar Kategori:Byar i Iran Kategori:Provinsen Razavi-Khorasan