Karmosin er ein mørk høgraud farge med eit svakt blåleg skjær. Ordet karmosin stammar opphavleg frå arabisk, og er komte til norsk gjennom tysk og italiensk frå mellomalderlatin carmesinus. Fargenamet karmin har liknande opphav.
Ein kallar også stoffet azorubin. Det blir noko brukt som tilsetjingstoff med E-nummeret E122, til dømes ved konservering av frukt og grønnsaker, til ost eller pølsetarmar.
Mitt navn er Karmosin (Benim adım Kırmızı) er tittelen på ei bok av den tyrkiske forfattaren og nobelprisvinnaren Orhan Pamuk.
Galleri
Kjelder
Kategori:Farger