«Fishing Blues» er ein bluessong skriven i 1911 av Chris Smith, som er mest kjend for «Ballin' the Jack». «Fishing Blues» vart først spelt inn i 1928 av Henry Thomas «Ragtime Texas» på vokal og gitar med ein intro og mellomspel på ei type panfløyte. Somme seinare versjonar kalla songen «Fishin' Blues».
Songen omhandlar gledene med å fange, koke og ete sin eigen fisk, særleg mallefisk.
I 1964 vart songen henta fram att av visesongaren Mike Seeger. Dei neste fem åra vart songen spelt inn av artistar som The Holy Modal Rounders, Jim Kweskin and the Jug Band, The Lovin' Spoonful (på debutalbumet Do You Believe in Magic), John Martyn og Taj Mahal.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fishin' Blues» frå , den 21. mars 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1928 Kategori:Bluessongar Kategori:Vocalion Records-singlar Kategori:The Lovin' Spoonful-songar Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-songar Kategori:Taj Mahal-songar Kategori:Okeh Records-singlar