«For Emily, Whenever I May Find Her» er ein song av Paul Simon, sungen av den amerikanske duoen Simon & Garfunkel på det tredje studioalbumet deira, Parsley, Sage, Rosemary and Thyme (1966). Han vert sungen aleine av Art Garfunkel og består hovudsakleg av vokalen hans med mykje klang og ein 12-strengs akustisk gitar. Teksten omhandlar å finne ein kjæraste, sjølv om Simon ein gong skildra at teksten handla om ei «tru» enn ein spesifikk person.
Songen vart ført gjeven ut på singel som B-side til «A Hazy Shade of Winter» (1966), men eit konsertopptak vart sidan gjeven ut i 1972 på singel for å marknadføre Simon and Garfunkel's Greatest Hits. Singelen nådde då 53. plassen på Billboard Hot 100..
Songen er blitt spelt av mange anre artistar og har vore fast på konsertane til Art Garfunkel. Han reknar det som ein av dei mest utfordrande songane å framføre.
Andre versjonar Songen er blitt spelt av ei rekkje andre artistar, som Glenn Yarbrough, Johnny Rivers (i 1967 på albumet hans Rewind), The Arbors (i 1968 på albumet deira The Arbors Featuring I Can't Quit Her - The Letter), Ricky Nelson (i 1969 på albumet hans Perspective), Paul Desmond (i 1969 på albumet hans Bridge over Troubled Water), Cliff Richard (i 1969 på albumet hans Sincerely Cliff), David Essex (i 1973 på albumet hans Rock On), John Frusciante (på Red Hot Chili Peppers-konsertar) og The Czars (i 2006 på albumet deira Sorry I Made You Cry).
Salslister Vekeslister Liste (1972) Plasseringscope="row"
Kjelder Denne artikkelen bygger på «For Emily, Whenever I May Find Her» frå , den 25. mars 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Simon & Garfunkel-songar Kategori:Songar skrivne av Paul Simon Kategori:Songar produserte av Bob Johnston Kategori:Songar produserte av Paul Simon Kategori:Songar produserte av Art Garfunkel Kategori:Songar produserte av Roy Halee Kategori:Johnny Rivers-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Songar om draumar