Odd Lindbäck-Larsen () var ein norsk generalmajor og forfattar som stod i forgrunnen under det tyske felttoget mot Nord-Noreg i 1940.
Lindbäck-Larsen var son til ein jarnbanefullmektig i Oslo. Sjølv gjekk han 1919-21 den militære høgskulen og gjorde teneste i det norske militæret. Frå 1934 til -36 var han militæratteché i Helsinki, og deretter 1936-40 stabssjef ved 6. divisjon. Han deltok i 1940 i krigen i Nord-Noreg. Etter verdskrigen var han 1946-52 oberst og sjef for Agder infanteriregiment, avbrote av eitt år (1948-49) som sjef for Tysklandsbrigaden. I 1952 vart han utnemnd til generalmajor, og fram til 1956 sjef for distriktskommando Nord-Noreg. Han avslutta si militære tenestetid som øvstkommanderande for Forsvaret i Nord-Noreg.
Lindbäck-Larsen var ein habil skribent og skreiv ei rekke militærfaglege artiklar, skrifter og bøker, så som Skandinavias sikkerhet frå 1932 og Militær psykologi frå 1934. I tida etter 1945 gav han ut fleire verk om norsk krigshistorie, mellom dei Dei norske hær og 1814, og elles bøker om norsk krigsinnsats 1940-45.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
Kategori:Norske generalar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Oslo