Studentmållaget i Tromsø (SmiT) er eit lokallag av Norsk Målungdom (NMU), ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag. Laget femner om fylka Nordland, Troms og Finnmark, men har hovudsakleg aktivitet i Tromsø, knytt til Universitetet i Tromsø (UiT) Noregs arktiske universitet.

Historie

Mållaget Heimhug (1898-1980) Mållaget HeimhugGrepstad, Jon. (13. mars 2012). Mållaget Heimhug. I Allkunne. vart skipa ved lærarskolen i Tromsø i 1898, som eit av dei aller første studentmållaga.Norsk Målungdom. Målungdomssoga. Lese den 31. mars 2019. Dei gav mellom anna ut eit blad som heitte Lauvsprett. Laget var svært aktivt og gav ut eit eige 25-årsskrift i 1923.Mållaget "Heimhug" : Troms lærarskule : festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida, Tromsø 1923

Tromsø lærarskole låg nede i 1929-30, men i åra 1930-35 var Heimhug igjen i verksemd. I 1935 var det berre ein klasse ved lærarskolen, og året etter ingen. Det kom ikkje liv att i Heimhug etter 1935.Vidkunn Eidnes: "Mållaget Heimhug", side 65-67, i: Tromsø off. lærerskole. Jubileumsskrift, Tromsø, 1952 Men i 1946 vart mållaget Heimhug skipa opp att, og laget var i verksemd til 1958.Siste årsmelding blei sendt til Noregs Mållag for året 1958. Eit forsøk på oppattskiping i 1961, mislukkast. Kjelde: Årsmeldingar i arkivet til Noregs Mållag.

Hausten 1978 vart Heimhug på nytt skipa opp att,Sjå Nordlys, tysdag 19. september 1978 men det ser ut til at laget berre var i verksemd eit par år.Siste livsteikn i aviser er i Nordlys, onsdag 20. februar 1980

Tromsø Student- og Elevmållag (1972-1975), Tromsø Målungdom (1975-2000) Tromsø Student- og Elevmållag blei skipa i 1972.Sjå Målfront, organ for Norsk Målungdom, nr 4-1975, side 4: "Mens Tromsø Målungdom (tidl. Tromsø Student- og Elevmållag) berre har rukke å bli 3 år.". Laget endra namn til Tromsø Målungdom på årsmøtet sitt 12. februar 1975.Tromsø Student- og elevmållag kalla inn til årsmøte 12. februar 1975, sjå avisa Tromsø, tysdag 11. februar 1975 Neste gong vi møter laget, er namnet endra, sjå innlegg i avisa Tromsø, tysdag 25. mars 1975 Tromsø Målungdom var i verksemd til rundt 2000.Siste avisoppslag er i Dag og Tid 16.04.1998: "Brysame lag som Studentmållaget i Bergen, Hallingdal Målungdom, Tromsø Målungdom og Studentmållaget i Tromsø fekk alle merke kor lite velkomne dei var med sine meiningar." Laget rekrutterte medlemmar både frå vidaregåande skolar, høgskole og universitet.

Studentmållaget i Tromsø (1990-2000 og 2014-) Det ser ut til at Studentmållaget i Tromsø blei skipa rundt 1990,I oktober 1990 bed Studentmållaget inn til Skolemålskonferanse, sjå avisa Tromsø, tysdag 16. oktober 1990 og laget var i varierande verksemd fram til 2000.Siste avisinnlegg frå Studentmållaget i Tromsø, "Nynorsk på Høgskulen" er i avisa Tromsø, fredag 14. april 2000

Studentmållaget vart skipa opp att i 2014.Brønnøysundregistra. Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret . Lese den 31. mars 2019.

Kjelder

Kategori:Norsk Målungdom Kategori:Noregs Mållag Kategori:Skipingar i 1898 Kategori:Studentmållag Kategori:Norske studentlag Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg