The Tumbler var det andre studioalbumet til den engelske visesongaren John Martyn, gjeve ut på Island Records i oktober 1968. Albumet syner ei utvikling frå den førre viseplata hans med mellom anna mange bidrag frå jazzfløytespelaren Harold McNair.

Albumet vart produsert av Al Stewart, men i følgje Stewart sjølv hadde han aldri produsert nokon før og hadde ikkje erfaring med opptaksutstyret, så alt han bidrog med var «oppmuntrande ord» eller «la oss ta den ein gong til».The Tumbler på Big Muff Albumet vart spelt inn i mono, men plateselskapet hadde opphavleg ønskt å få det i stereo. I følgje Stewart: «Dei berre trykte 'stereo' på det likevel og så langt trur eg ikkje det er nokon som har lagt merke til det!»

Innhald

Medverkande John Martyn – vokal, gitar, munnspel, klaverinstrument Harold McNair – fløyte David Moses – kontrabass Paul Wheeler – gitar

Teknisk Al Stewart - produsent Francine Winham - fotografi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Tumbler» frå , den 4. april 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:John Martyn-album Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:Island Records-album