Andreas Emil Erichsen () var ein skulemann og historikar, fødd i Christiania. Han var rektor i Tromsø og Stavanger, og attåt pedagogisk skribent og lærebokforfattar.
Erichsen vart cand.mag. i 1865 og underviste deretter på skular i heimbyen. Sidan var han rektor i Tromsø og seinare i Stavanger. Han gav ut fleire lærebøker i norsk og i historie. Best kjend vart han for å ha gitt ut skriftene til Petter Dass, samt verka om katedralskulane i Bergen og Trondheim. Han skreiv og om Stavanger si historie. Erichsen sine historieverk utmerkte seg gjennom ei «[k]lår og kritisk utnytting av» kjeldene.
Kjelder Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1952
Kategori:Norske skulefolk Kategori:Norske lokalhistorikarar Kategori:Folk frå Oslo