The Church with One Bell er det 20. studioalbumet til den skotske musikaren John Martyn. Det bestod berre av coverversjonar med songar av artistar som Randy Newman, Ben Harper, Billie Holliday, Elmore James og Portishead.
Albumet vart spelt inn i løpet av ei veke i CaVa Sound Studios i Glasgow i Skottland.
Albumet har eit løynd spor etter ein 50 sekundar lang pause på siste sporet. Det er ein langsamare og ommiksa versjon utan synthesizer av «How Fortunate The Man With None».
Plateomslaget syner ei tidlegare kyrkje i landsbyen Roberton i Lanarkshire i Skotland. Martyn, som på den tida budde like ved, kjøpte kyrkja og bygde eit platestudio der.
Innhald
Medverkande John Martyn - vokal, gitar John Giblin - bass Spencer Cozens - klaverinstrument Arran Ahmun - trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Church with One Bell» frå , den 13. april 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:John Martyn-album Kategori:Independiente Records-album Kategori:Musikkalbum frå 1998 Kategori:Coveralbum