mini|Markusplassen måla av Gentile Bellini Markuskyrkja (italiensk Basilica Cattedrale Patriarcale di San Marco) er den katolske domkyrkja i Venezia. Ho ligg ved austsida av Markusplassen, ved sida av Dogepalasset, og er eit av kjennemerka for Venezia. Kyrkja er eit godt eksempel på italo-bysantinsk arkitektur. Kyrkja var opphavleg bygd som kapell for dogen av Venezia, og blei først domkyrkje for byen i 1807, då ho blei sete for patriarken av Venezia.Demus, Otto. The Mosaic Decoration of San Marco Venice (1 volume version, red. Herbert L. Kessler), University of Chicago Press, 1988, , s. 1
Den noverande Markuskyrkja er ein basilika bygd i tidsrommet 1060-1100, med ei rekkje seinare tillegg. Hovudfasaden har ei ornamentert takline i hovudsakleg gotisk stil. Inne er kyrkja dekorert i gull-mosaikkar som det tok hundreår å fullføra. Som eit gulldekorert symbol på venetiansk makt og rikdom har kyrkja vore kjend som 'Gullkyrkja' (Chiesa d'Oro) sidan 1000-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «St Mark's Basilica» frå , den 14. april 2019.
Kategori:Venezia Kategori:Kyrkjer i Veneto Kategori:Domkyrkjer i Italia